MENY

- Velkomen
- Kontakt
- Bøker 1984-2003
- Bøker 2004-2011
- Bøker 2012-2016
- Andre bøker 1993-2010
- Tinging av bøker
- Performance 1985-2003
- Performance 2004-2008
- Performance 2009-2011
- Performance 2012-2014
- Performance 2015-2016

- Utstillingar prosjekt
- Teikning foto trykk
- The Hair Collection
- Video og CD
- Tekstar og kritikkar
- Lenker
- CV norsk
- CV engelsk

BØKER 2012 - 2016

om posisjon og rørsle (2017)
om eino (2017)
om tida si oppgåve
(2017)
og fjellet og frøet og 2017)
om
(2016)
and shine and (2016)
second shine (2016)
om ein og altpartikkelen
(2016)
om røynda og konstruksjonane
(2016)
about reality and constructions (2016)
om det å vitja
(2016)
andre andre andre øvingar (2015)
andre andre andre øvingar (innb) (2015)
other other other exercises (2015)
og steinen og frøet og (2015)
og steinen og frøet og (2015)
om det transparente
(2015)
ser-er (2015)
sees-is (2015)
om tid (2014)
om potensial og energi
(2014)
om det innarste (2013)
about the innermost (2014)
om det utan meining (2013)
about that without meaning (2014)
om tankar (2013)
about thoughts (2013)
om pust (2013)
about breath (2013)
andre andre øvingar
(2012)
andre andre øvingar (innb) (2012)
andre andre øvingar innb (2012)
other other exercises (2012)
ete
(2012)
the speech (2012)
og steinen og fjellet og (2012)
and stone and mountain and (2012)
det blåe (2012)


 

Litt om mitt arbeid med bøker:
Eg har laga bøker sidan 1984. Alle mine bøker gir eg ut sjølv på eige forlag. Forlaget heiter Zeth Forlag. Namnet kjem frå performancen Zeth (1993), og boka Zeth (1996). Eg arbeider både visuelt og tekstbasert. Som oftast er bøkene enten tekstbasert eller visuelle, men i nokre tilfelle er det ein miks. Mange av bøkene inneheld korte tekstar, heilt ned til berre to ord. Fairy-tale (1985) har berre ein setning med 20 illustrasjonar. Pust (2006) har to setningar som blir gjenteke gjennom heile boka, medan Eg er ein frosk (2007) har ein setning som veks til noko langt,  kompleks og surrealistisk. Øvingar (1994) er ein overlegen bestselgjar. I 1985 laga eg to bøker som er grunnlaget for måten eg arbeider med tekst på, And Visible Words and og Walking Frog and Ghostjokes. Desse bøkene er på mange vis dei viktigaste bøkene eg har laga. I 1997 laga eg boka 23 Farger, og i 2001 laga eg boka Og. Desse tykkjer eg sjølv er dei mest poetiske eg har laga. Evolusjon (2002) er kanskje den vakraste boka så langt. I 2005 laga eg boka Fotball med meir, som er desidert noko av det raraste eg har vore inni. Boka førde meg dessutan inn i kaos og kompleksitet, og med det ein ny måte å arbeide på. Dette arbeidet førde meg til Eg er ein frosk (2007) og Hendinga (2009). Sjølv om kompleksitet til tider fører til mange ord, kan det og føre til få ord: Eg er (2009). Under finn du mange linkar til tekst og bilde frå min bokproduksjon. Bøkene kan tingast direkte frå meg, signert og fritt tilsendt. Eller du finn eit lite utval av mine bøker hos desse forhandlarane.

 

About my work with books.
I have been publishing books since 1984. All of my books I publish independently through my own publisher, Zeth. The name comes from my performance Zeth (1993), and the book Zeth (1996). I work with both text and images. Most often my books are either text-based or image-based, but in some cases they contain both mediums. Many of my books consist of very few sentences, right down to just a pair of words. Fairy-tale (1985) consists of a single sentence with 20 illustrations. Breath (2006) has two sentences that are repeated over and over again throughout the entire book, whereas I am a Frog (2007) has just one sentence that grows and grows into a long, complicated and surreal story. Exercises (1994) is my all-time bestseller. In 1985 I published two books that formed the basis for how I work with text: And Visible Words and, and Walking Frog and Ghostjokes. These books are in the way the most important books I have made. In 1997 I made the book, 23 Colours, and in 2001 I made the book, And. These books are probably the most poetic books I have made. Evolution (2002) is possibly the most beautiful book I have made to date. In 2005 I published the book, Football and More,  which is undoubtedly some of the strangest work I have ever done. The process of creating this book led me into a deeply chaotic and complex world, which in turn has given me a new way of working. This experience led me to write I am a Frog (2007) and The Happening (2009). And whilst complexity can lead to a lot of words, it can also lead to a very few words: I am (2009). The following are links to text and images from my book production. All books can be purchased directly from me, signed and with low postage cost, from ordering outside Norway. Or you can also find a selection of my books from these distributors.


92. OM POSISJON OG RØRSLE 2017

Opplag: 700
Antal sider: 96
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr

Ein sin verkeleg posisjon i altet er i. Samstundes har alle einar ulik røynsleposisjon, og med det er alle einar ulike. Likevel, alle einar er like mykje i altet. Komplekse einar kan konstruere og lage konstruerte og graderte posisjonar. Samstundes kan komplekse einar sanse det omkring seg som endring.

Sjå nokre bilde frå boka


91. OM EINO 2017

Opplag: 700
Antal sider: 96
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr

Om eino ser på det nære forholdet mellom ein og ein si notid. Dei er knytt saman frå ein si inngang i tida til ein sin utgang frå tida. Det er lett å forstå ein og ein si notid som to ulike kvalitetar. Rom og tid, men er det eigentleg to kvalitetar, eller er dei eitt.

Sjå nokre bilde frå boka


90. OM TIDA SI OPPGÅVE 2017

Opplag: 1400
Antal sider: 160
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr

Om tida si oppgåve ser på korleis tida arbeider og kva det fører til. Klomping som hending viste seg for fryktelege uhorveleg uhyggeleg mange notider i tida, og har vore kjerneaktiviteten til tida sidan. Gjennom ei reise frå den fyrste tida til ei om lag ei framtidig notid ser me at stadig nye og meir komplekse einar kjem inn i tida etter som nye notider viser seg. Nye og meir komplekse måtar å klompe seg, fører til meir og meir komplekst samansette einar. Og enno meir komplekse einar vil kome inn i tida når tida sin femte konsekvens vil få sin inngang i tida ein gong i ei framtidig notid.

Sjå nokre bilde frå boka


89. OG FJELLET OG FRØET OG 2017

Opplag: 700
Antal sider: 160
Format: 13,5 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 330 kr


Ei samling med nye korte tekstar. Boka er den tredje samlinga med tekster med liknade tittel. Og steinen og frøet og (2015) og Og steinen og fjellet og (2012) er dei andre bøkene. Mange av tekstane er inspirert av undersøkingane frå den pågåande Om noko-serie: Nokre av tekstane heng litt saman med andre tekster i boka, ved at forteljinga blir lengre, eller forstett i fleire kapittel på same vis som i dei to andre bøkene. Frø, steinar og fjell er noko som går igjen i mange tekstar.

Les nokre tekstar


88. OM 2016

Opplag: 1000
Antal sider: 144
Format: 24 x 17
Trykk: offset
Språk: norsk/engelsk
Pris: 300 kr

Katalog til utstillingen OM som vart vist på Kunstnerforbundet, Oslo, 2016. Deler av prosjektet vart vist på Hå Gamle Prestegards i 2013 og i Ganggalleriet, Hovedøya, Oslo i 2014. Katalogen presenterer dei 11 bøkene i serien ”Om noko”, performanceforedraga og teikningane som fylgjer prosjektet. Tekstar av Frode Sandvik og Øyvind Kvalnes.


87. AND SHINE AND 2016

Opplag: 600
Antal sider: 80
Format: 19 x 14
Trykk: offset
Pris: 300 kr

Denne boka er kome ut frå arbeidet med boka Second Shine (2016), samstundes som den hentar inspirasjon frå boka Shine (2006). Boka er ei samling av døde fluger trykt i blank lakk. Flugene er då nesten usynlege i boka, men lyser opp når lyset blir reflektert i flugene. I 2007 produserte eg 2 lakkbilde Søster Mary og Thick Vien Than. No har eg produsert 4 lakkbilde av døde fluger.

Sjå nokre bilde frå boka (kjem snart)

Sjå òg
Shine (2006) bok


86. SECOND SHINE 2016

Opplag: 23
Antal sider: 34
Format: 20 x 15
Trykk: silketrykk
Pris: 4500 kr

Boka er produsert i eit mindre opplag i silketrykk. Foto av døde fluger er trykt negativt på aluminiumsfolie. Det gjer at flugene skinn litt mot den mørke bakgrunnen. Aluminiumsfolien gjer boka skjør og ein bør bla varsamt i den. Boka er sydd saman. Nokre av enkeltsidene i boka finnes og i eit mindre opplag som trykk. Sjå her.

Purchased by:
New York Public Library
The Bayerische Staatsbibliothek

Sjå nokre bilde frå boka


86b. SECOND SHINE 2016

Opplag: 17
Antal sider: 34
Format: 20 x 15
Trykk: silketrykk
Pris: 4500 kr

Ein variant av boka er trykt på plastbelagt aluminiumsfolie. Skjørheten i materialet er borte, men ein kan spegle seg i dei døde flugene. Nokre av enkeltsidene i boka finnes og i eit mindre opplag som trykk. Sjå her.

Sjå nokre bilde frå boka


85. OM EIN OG ALTPARTIKKELEN 2016

Opplag: 700
Antal sider: 184
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr

Om ein og altpartikkelen går attende til Om alt, og bind ho saman med heile serien. Me ser på altpartiklane og einane sine inngangar og rørsler i tida. Altpartiklane kom inn i tida like etter den fyrste notida. Ikkje lang tid etter byrja nokre altpartiklar å koma saman, dele notid. Å ha sams notid vart veldig populært, og tida sitt prosjekt akselererte. Einar kom inn i tida. Tida sitt prosjekt førte til mangfald. Tida sitt prosjekt fører til mangfald og vil føra til mangfald. Alle altpartiklar og einar i tida endrar seg. Alle altpartiklar og einar i tida er i sine endringsrørsler. Endringsrørslene kan visa seg som ulike for ein observerande kompleks ein, men er dei det?

About One and the Everything Particle returns to themes addressed in About Everything, linking that book with the rest of the series. We look at the everything particles and the ones’ entrance into and movement within the time. The everything particles entered into the time just after the first present time. Shortly thereafter, some everything particles got together and shared the same present time. To have the same present time was very popular, and the time’s project accelerated. Ones entered into the time. The time’s project led to diversity. The time’s project leads to diversity and will lead to diversity. All the everything particles and the ones inside the time undergo change. All the everything particles and the ones that are inside time are undergoing their processes of change. The processes of change can appear to be different for an observing complex one, but are they different?

Sjå nokre bilde frå boka


84. OM RØYNDA OG KONSTRUKSJONANE 2016

Opplag: 1400
Antal sider: 168
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr
Om røynda og konstruksjonane ser nærare på verkeleg notid og konstruert tid som vart undersøkte i Om tid og i Om det å vitja. Me ser kvifor det er så viktig for komplekse einar å sansa kva som er verkeleg notid og konstruert tid. Det viser seg at konstruert tid er primærkonstruksjonen som alle sekundærkonstruksjonar veks ut frå. Alle konstruksjonar er knytte til konstruert tid. Verkeleg notid er i røynda og utfører oppgåva si. Verkeleg notid bryr seg lite om og med konstruksjonane.
Røynda bryr seg heller ikkje om konstruksjonane. Røynda berre er. Røynda er.


Sjå nokre bilde frå boka

Sjå òg Om røynda og konstruksjonane (performance)


84b. ABOUT REALITY AND CONSTRUCTIONS 2016

Edition: 500
Pages: 168
Format: 12 x 12
Print: offset
Language: english
Price: 250 kr


About Reality and Constructions looks more closely at the real present time and constructed time, both of which were examined in About Time and About Visiting. We see why it is so important for complex ones to recognize the distinction between the real present time and constructed time. It is shown that constructed time is the primary construction out from which all secondary constructions grow. All constructions are linked to constructed time. The real present is present in reality and fulfills its task. The real present cares little about the constructions. Nor does the reality care about the constructions. The reality just is. The reality is.

See some pictures from the book

See About Reality and Constructions (performance)


83. OM DET Å VITJA 2016

Opplag: 700
Antal sider: 160
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr

Tidlegare Om noko-bøker undersøkjer plasseringa og rørsla til ein. I Om tid ser me korleis tida endrar ein, og kva retning tida har i høve til ein. Om det å vitja byggjer vidare på desse erfaringane, og ser på ein sin avgrensa eksistens i tida. Ein kjem inn i tida, og ein går ut av tida. Ein vitjar tida og altet. På grunnlag av dette kan me finna den verkelege posisjonen og tilstanden til ein i rom og tid. Samstundes ser me at mange konstruksjonar som komplekse einar lagar, kan vera misvisande i høve til posisjon og tilstand.

Early About Something books examine the placement and movement of one. In About Time, we look into how the time changes one, and what direction the time has in relation to one. About Visiting builds on these experiences and examines one’s delimited existence in the time. One enters into the time, and one goes out of the time. One visits the time and the everything. Based on this, we can find the real position and condition of one in time and space. At the same time, we see that many constructions which the complex ones create can mislead one about that position and condition.

Sjå nokre bilde frå boka

Sjå òg Om det å vitja (performance)


82. ANDRE ANDRE ANDRE ØVINGAR 2015

Opplag: 1500
Antal sider: 128
Format: 10 x 10
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 150 kr

Andre andre andre øvingar er bok nummer fire i serien. Den fyrste boka, Øvingar, kom i 1994. Andre andre andre øvingar held på mykje av det handlingsretta som me fann i Andre andre øvingar (2012), samstundes som undersøkingane av tid, rom og plassering i dei siste Om noko-bøkene har sett sine spor i denne boka – som i mykje anna arbeid i den siste tida.

Les nokre tekstar

Sjå òg:
Øvingar
Andre øvingar
Andre andre øvingar


82a. ANDRE ANDRE ANDRE ØVINGAR 2015

INNBUNDEN UTGÅVE
Opplag: 1500
Antal sider: 128
Format: 10 x 10
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 230kr

Andre andre andre øvingar er bok nummer fire i serien. Den fyrste boka, Øvingar, kom i 1994. Andre andre andre øvingar held på mykje av det handlingsretta som me fann i Andre andre øvingar (2012), samstundes som undersøkingane av tid, rom og plassering i dei siste Om noko-bøkene har sett sine spor i denne boka – som i mykje anna arbeid i den siste tida.


Les nokre tekstar

Sjå òg:
Øvingar

Andre øvingar
Andre andre øvingar


82b. OTHER OTHER OTHER EXERCICES 2015

Edition: 1500
Pages: 128
Format: 10 x 10
Print: offset
Language: english
Price: 150 kr

Other Other Other Exercises is book number four in the series. The first book, Exercises, was published in 1994. Other Other Other Exercises engages in the same type of action-oriented activities we find in Other Other Exercises (2012). At the same time, the research into time, space and placement in the later About-Something books has also made its mark on this book – as it has in much of Kurt Johannessen’s recent works.

Read texts

See also:

Exercises
Other Exercises
Other Other Exercises


81. OG STEINEN OG FRØET OG 2015

Opplag: 500
Antal sider: 160
Format: 13,5 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 330 kr

Ei samling med korte tekstar. Boka er ein oppfølgjar til Og steinen og fjellet og (2012). Desse tekstane er vel så mykje inspirert av undersøkingane frå den pågåande Om noko-serien. Særskilt er Om tid (2014) og Om det innarste (2013) viktige referansekjelder. Samstundes er nokre av desse tekstane inngangen til neste bok i serien Om det å vitja (2015).

Les nokre tekstar

Sjå òg:
Og steinen og fjellet og


81c. OG STEINEN OG FRØET OG 2015

Opplag: 30
Antal sider: 160
Format: 13,5 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 600 kr

Spesialutgåve, gullomslag, 30 eksemplar.
Ei samling med korte tekstar. Boka er ein oppfølgjar til Og steinen og fjellet og (2012). Desse tekstane er vel så mykje inspirert av undersøkingane frå den pågåande Om noko-serien. Særskilt er Om tid (2014) og Om det innarste (2013) viktige referansekjelder. Samstundes er nokre av desse tekstane inngangen til neste bok i serien Om det å vitja (2015).

Les nokre tekstar

Sjå òg:
Og steinen og fjellet og


80. OM DET TRANSPARENTE 2015

Opplag: 1500
Antal sider: 160
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr

Om det transparente byggjer på erfaringar frå fleire tidlegare bøker i serien. Om det transparente går inn og ser meir på høvet mellom ein og det omkring ein, noko som starta i Om pust. Korleis fungerer innpust / det innover og utpust / det utover når einhinna er lukka, og korleis fungerer innpust / det innover og utpust / det utover når einhinna er open? Kva hender i møtet mellom ein og det omkring ein, og korleis påverkar tilstanden til einhinna pusten? Kva hender når det transparente er til stades i ein? Korleis påverkar det transparente i ein det omkring ein? Er grensa mellom ein og det omkring ein ein illusjon? Dette og mykje meir går Om det transparente inn i, i ein si reise mot det opne rommet.
Boka er kjøpt inn gjennom innkjøpsordninga til Norsk kulturråd.

About Transparency builds on experiences and findings from several earlier books in the series. It looks more closely at the situation between one and that which surrounds one, as introduced in About Breath. How do breathing in/the inward and breathing out/the outward function when one’s membrane is closed, and how do breathing in/the inward and breathing out/the outward function when one’s membrane is open? What happens in the meeting between one and that which surrounds one, and how does the condition of one’s membrane affect breathing? What happens when transparency is present in one? How does the transparency in one affect that which surrounds one? Is the boundary between one and that which surrounds one an illusion? This and much more are discussed in About Transparency, through one’s journey into the open space.

Sjå nokre bilder frå boka


Sjå òg Om det transparente (performance)


79. SER-ER 2015

Opplag: 500
Antal sider: 80
Format: 13 x 10
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 230 kr

Ser–er var tekstar fyrst nytta i performancen Oransje (2014). Samstundes er det eit arbeid som kjem ut frå bokserien Om noko. Ser–er er som ei oppsummering av dei siste bøkene i serien. Særleg er innhaldet i boka Om det transparente (2015) mykje det same som i Ser–er, men forma er ulik. Det er som om arbeidet med tekst og performance det siste året har materialisert seg i denne boka. Ser–er er ei samling av 32 korte tekstar, sette saman på matematisk vis. Eg ser meg. Du ser deg. Frøet ser frøet.

Oransje (performance)


79b. SEES-IS 2015

Edition: 500
Pages: 80
Format: 13 x 10
Print: offset
Language: english
Price: 230 kr


Orange (performance)


78. OM TID 2014

Opplag: 1500
Antal sider: 240
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 280 kr

Om tid held fram der Om det innarste slutta. Om det innarste viste kort korleis det innover og det utover rører seg i høve til tid. Om tid ser på tida si oppgåve og korleis ho er med på å endra alt som er. Det er tre tider: fortid, notid og framtid, men det er berre èi verkeleg tid: notid. Boka viser kvar tidene er i høve til kvarandre, og korleis dei verkar inn på einannan. Samstundes ser me på kva form dei ulike tidene har, og kva retning dei har. Retninga og forma til notida viser seg annleis enn retninga til den konstruerte tida. Boka er utarbeidd parallelt med boka Om potensial og energi, som òg handlar mykje om tid og endring. Boka er kjøpt inn gjennom innkjøpsordninga til Norsk kulturråd.

About Time picks up the thread where About the Innermost ends. About the Innermost briefly described how the inward and the outward relate to time. About Time looks into time’s tasks and how it contributes to changing everything that exists. There are three times – the past, the present and the future – but there is only one real time: the present. The book shows where the times are in relation to each other and how they affect each other. At the same time, we see the form the different times have, and what direction they have. The directions and forms of the present appear different than the directions and forms of constructed time. The book is developed parallel to About Potential and Energy, which also has much to say about time and change.

Sjå nokre bilder frå boka

Om tid (performance)


77. OM POTENSIAL OG ENERGI 2014

Opplag: 500
Antal sider: 240
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 280 kr

Om potensial og energi byrjar på eit nullpunkt. Tid, potensial og energi viser seg og drar ut på ei lang reise saman. Alt endrar seg utan stogg på grunn av dei tre komponentane potensial, energi og tid. Mange nye potensial viser seg etter som tida kjem, og drar til seg fire ulike energiar. Alt blir meir og meir samansett, og etter lang tid går det mot slutten av den fyrste tida. Den femte energien viser seg, og det er starten på den andre tida. Den andre tida blir òg kalla den komplekse tida. Alle einar/potensial som er no, er i den komplekse tida. Nokre einar i den komplekse tida er komplekse einar.

About Potential and Energy begins with nothing. Time, potential and energy appear and go on a long journey together. Aided by these three components – potential, energy and time – everything changes continuously. Many new potentials show up as time passes, and they attract four different energies. Everything becomes more and more complex, and after a long time we start coming to the end of the first time period. The fifth energy appears and is the start of the second time period. The second time period is also called the complex time. All ones, also the potential that now exists, are inside the complex time. Some ones in the complex time are complex ones.

Sjå nokre bilder frå boka


76. OM DET INNARSTE 2013

Opplag: 500
Antal sider: 144
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr

Om det innarste går lenger inn i problemstillingane som vart starta i Om pust. Det er tre rom og to rørsler i alt. Dei to rørslene er det innover og det utover. Dei tre romma er: ein, det omkring ein og det bortanfor ein. Midt i ein er det innarste. Det innarste er med på å endra ein, det omkring ein og det bortanfor ein. Samstundes blir ein og det innarste endra av det omkring ein. Desse endringane skjer på grunn av dei to rørslene det innover og det utover.

Sjå nokre bilder frå boka

Om det innarste (performance)


76b. ABOUT THE INNERMOST 2014

Edition: 250
Pages: 144
Format: 12 x 12
Print: print
Language: english
Price: 250 kr


About the Innermost goes deeper into research questions introduced in About Breath. In everything there are two movements and three spaces. The two movements are the inward and the outward. The three spaces: one, that which surrounds one, and that which is beyond one. In the middle of one is the innermost. The innermost contributes to changing one, that which surrounds one and that which is beyond one. At the same time, that which surrounds one contributes to changing one and the innermost. These changes occur due to the two movements: the inward and the outward.

See some pictures from the book

About the innermost (performance)


75. OM DET UTAN MEINING 2013

Opplag: 500
Antal sider: 128
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr

Det utan meining er ikkje det same som det meiningslause. Det meiningslause har ein særs negativ klangbotn, då det inneheld så lite god meining. Det viser seg at det utan meining er noko heilt anna. Det er fristilt frå alt som har med meining å gjera. Det meiningslause er ikkje utan meining, det er berre lite av god og skarp meining der. Det meiningslause finn ein på motsett side i meininga, mellom sløv og dårleg meining. Det utan meining finn me ein heilt annan stad. Dette, og meir meiningsfull informasjon om det utan meining, vil ein finna i Om det utan Meining.


Sjå nokre bilder frå boka

Om det utan meining (performance)


75b. ABOUT THAT WITHOUT MEANING 2014

Edition: 250
Pages: 128
Format: 12 x 12
Print: print
Language: english
Price: 250 kr


That without meaning is not the same as meaninglessness. Meaninglessness has a specific negative energy because it consists of so little positive meaning. It turns out that that without meaning is something completely different. It is not connected to meaning at all. Meaninglessness is not without meaning; it’s just that there is very little good and sharp meaning there. One finds meaninglessness on the opposite side of The Meaning from brilliant and superior meaning, and it is situated between blurred and bad meaning. We find that without meaning in a completely different place. This and more meaningful information about that without meaning is to be found in About That Without Meaning.

See some pictures from the book

About that without meaning (performance)


74. OM TANKAR 2013

Opplag: 1500
Antal sider: 128
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr

Dette merkelege som me kallar tankar, korleis ser dei ut? Korleis utviklar dei seg? Korleis kommuniserer dei? Kva forhold har tankane til det fysiske? Tankebein, tankekne og tanketenner er nokre nyoppdagingar boka går nærare inn på. Det vil òg visa seg at tankekannibalisme er ein naturleg del av kvardagen til tankane.
I
nnkjøpt av: Norsk Kulturråds innkjøpsordning

Sjå nokre bilder frå boka

Om tankar (performance)


74b. ABOUT THOUGHTS 2013

Edition: 250
Pages: 128
Format: 12 x 12
Print: print
Language: english
Price: 250 kr


These strange phenomena we call thoughts – what do they look like? How do they develop? How do they communicate? How do they relate to physical being? ‘Thought legs’, ‘thought knees’ and ‘thought teeth’ are discoveries which About Thoughts examines in greater detail. The book proves that ‘thought cannibalism’ is a natural part of the everyday life of thoughts.

See some pictures from the book

About Thoughts (performance)


73. OM PUST 2013

Opplag: 500
Antal sider: 88
Format: 12 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 250 kr

I 2013 starta Om noko. Arbeidsmetoden frå Alt og ingenting og Om alt vart ført vidare og pust var det fyrste som vart undersøkt. Alt som er, pustar, men kva er det eigentleg som går føre seg når ein pustar inn og når ein pustar ut? Kva endringar finn stad i ein og det omkring ein? Desse og andre spørsmål er granska i denne boka. Om pust la grunnlaget for alle bøkene i serien.

Sjå nokre bilder frå boka

Om pust (performance)


73b. ABOUT BREATH 2013

Edition: 250
Pages: 88
Format: 12 x 12
Print: print
Language: english
Price: 250 kr

In 2013 the project About Something began. Johannessen continued using the same work method as in Everything and Nothing and About Everything, with ‘breath’ being his first object of study. Everything breaths, but what happens when one breathes in and one breathes out? Which changes take place in one and the space around one? These and other questions are discussed in this book. About Breath lays the foundation for all books in the series.

See some pictures from the book

About Breath (performance)


72. ANDRE ANDRE ØVINGAR 2012

Opplag: 3000
Antal sider: 112
Format: 10 x 10
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 150 kr

Dette er den tredje boka med øvingar. Det to andre bøkene kom ut i 1994 og 2001. Forma er den same, men innhaldet annleis. På same vis som tonen i den andre boka stod tett mot andre bøker i 2001, har denne referansar til bøker og andre arbeid frå 2012. Engelsk utgåve kom i 2012.

Les nokre tekstar

Sjå òg:
Øvingar

Andre øvingar


72a. ANDRE ANDRE ØVINGAR 2012

INNBUNDEN UTGÅVE
Opplag: 1000
Antal sider: 112
Format: 10,5 x 10,5
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 230 kr

Dette er den tredje boka med øvingar. Det to andre bøkene kom ut i 1994 og 2001. Forma er den same, men innhaldet annleis. På same vis som tonen i den andre boka stod tett mot andre bøker i 2001, har denne referansar til bøker og andre arbeid frå 2012. Engelsk utgåve kom i 2012.

Les nokre tekstar

Sjå òg:
Øvingar

Andre øvingar


72b. OTHER OTHER EXERCISES 2012

Edition: 1500
Pages: 112
Format: 10 x 10
Print: offset
Language: english
Price: 150 kr


This is the third book of exercises. The previous two books were published in 1994 and 2001. The design is the same but the content is different. In the same way as the tone of the second book was related to other works in 2001, Other Other Exercises also has references to books and works produced in 2012.

Read texts

See also:
Exercises

Other Exercises


71. ETE 2012


Opplag: 500
Antal sider: 64
Format: 13 x 13
Trykk: offset
Språk: norsk / engelsk
Pris: 200 kr

Den 7. juli 2012 åt 29 personar originalteikningar av ulike ville dyr. Dei som åt, valde ut kvar sine dyr teikna av Kurt Johannessen. Teikningane blei serverte på kjeks i kombinasjonar med ost, omelett, salat, krydder og anna – lekkert tillaga av Pavana Reid. Hendinga fann stad under Rosendal Mat & Kunstfestival, og denne boka dokumenterer det som skjedde.
Innkjøpt av:
Libraries of The Metropolian Museum of Art


On 7 July 2012, 29 people ate original drawings of various wild animals. Each participant chose a picture from among various wild animals drawn by Kurt Johannessen. The drawings were served on a biscuit made into a meal with cheese, omelette, herbs, salad and spices etc. The drawings were beautifully prepared by Pavana Reid. The event took place during Rosendal Food & Art Festival. This book is a documentation of these events.
Purchased by:
Libraries of The Metropolian Museum of Art


Sjå nokre bilete frå boka

Sjå óg
"Ete" (performance)
"Ete" (drawing)
"Ete" (exhibition)


70. THE SPEECH 2012

Opplag: 500
Antal sider: 64
Format: 16 x 12
Trykk: offset
Språk: engelsk
Pris: 200 kr

The Speech er ei bildebok. Noko organisk endrar seg og veks gjennom boka.
Innkjøpt av:
Brooklyn Museum

The Speech is a picture book. Something organic changes and grows throughout the book.

Purchased by:
Brooklyn Museum


Sjå nokre bilete frå boka


69. OG STEINEN OG FJELLET OG 2012

Opplag: 400
Antal sider: 144
Format: 16 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 330 kr

Ei samling av 67 svært korte historier. Dei fleste er på berre ein setning. Mange handlar om steinar og fjell. Nokre av historiene heng i hop på ulike vis.

Les nokre tekstar


69b. AND STONE AND MOUNTAIN AND 2012

Edition: 300
Pages: 144
Format: 16 x 12
Print: offset
Language: english
Price: 330 kr

A collection of 67 very short stories. Most are just a single phrase. Many stories are about stones and mountains. Some of the stories are connected.

Read texts


68. DET BLÅE 2012

Opplag: 1600
Antal sider: 128
Format: 16 x 12
Trykk: offset
Språk: norsk
Pris: 330kr

Ei samling av 56 korte historier. Historiene heng saman i ei lenke. Det siste ordet i ein historie er det same som det fyrste i den neste historia. Nokre historier flettar seg i ein annan på ulike vis.
Innkjøpt av:
Norsk Kulturråds innkjøpsordning

A collection of 56 short stories. The stories are connected in a chain. The last word in each story is the same word that begins the first sentence of the next story. Some stories merge into eachother in other ways as well.

Les nokre tekstar


 
© 2016 Kurt Johannessen