Evolusjon Det byrja for lenge sidan. Ingen veit når. Kanskje det eigentleg hadde vore slik sidan tidas morgon. Endringa gjekk så sakte at det var uråd å merke noko gjennom eit livslaup. Det er ein av grunnane til at det var vanskeleg å fastslå når det hadde byrja.
Då utviklinga var komen så langt at ein hadde apparat som hadde kunna
analysere fenomenet, Det gjekk enno fleire hundre år før ein stilte spørsmålet om det kunne gå føre seg ei endring. Sjølv då gjekk det igjen fleire hundre år før det endeleg vart stadfesta at endringa var ein realitet. Det vart straks sett inn store ressursar for å finne ut av fenomenet. Forskarar samarbeidde globalt om denne forskinga. Endringsforskinga vart høgste prioritet på alle kontinent. Trass i alt dette gjekk forskinga seint. Det var nærliggande å tru at svara var å finne innafor nokre bestemte område. Det verka opplagt, og forskinga vart konsentrert kring desse områda. Det gjekk fleire hundre år utan noko resultat. Omsider kunne forskarane kome med ein førebels konklusjon. Det var ingenting som tydde på at desse områda hadde aktivitet eller endringar som påverka fenomenet. Forskinga måtte finne nye felt; dei verka mindre sannsynlege, men måtte likevel prøvast. Tida gjekk, nye generasjonar voks opp og nye forskarar kom til. .......... |