"Arne Instebøs skisse frå 14. november 1993. Skissa av Glimtet er teikna på grunnlag av undersøkingar med mikroskop. Fotografi av Glimtet blir av tryggingsgrunnar ikkje publisert."

 

 

"Skisse frå forskingsavdelinga i SBK, datert 23. april 2005. SBKFA29/2005KJ. Skisse av korleis puddingane er plasserte i baksetet før nestenulykka, og ny plassering etter nestenulykka. Vi ser her også ei samanlikning med «the magic bullet» i bilen til president J.F. Kennedy då han vart myrda 22. november 1963."

 

"Den fyrste skissa til Espen, datert 28. mars 2005. Her ser ein korleis Espen tenkjer seg at ein praktisk skal kunna gjennomføra treninga på dei ulike nivåa. Det blir ein del gravearbeid, men Skansemyren-spelarane er mentalt og fysisk konstruerte på ein slik måte at gravearbeidet gjev dei ei vedvarande lykkekjensle"

 

"Kurt Johannessens skisse, datert 20. mars 2005. Her ser ein energistraumane i oppsopa fotballgrus, populært kalla mikrosituasjonen til fotballgrusen. Som ein ser av snittet i «Grustrening nivå 0/6», er det ikkje liten aktivitet til stades sjølv om fotballspelaren skal halda seg heilt i ro."

 

 

 

 

"Skisse frå forskingsavdelinga i SBK, datert 24. april 2005. SBKFA66/2005KJ. Uklåre notat frå Kurt om samanhengar og fakta 22. april 2005."

 

 

"Pål Eidsheims skisse, datert 21. mars 2005. Her ser vi korleis Pål tenkjer seg at ein skal gjennomføra øvinga. Skansemyraren som skal prøva ut denne øvinga, har ei fallengde på opp til ein meter. Pål meinte det skulle vere OK. Med litt trening skulle det gå greitt, meinte han."