frå Og

Det uvesentlege si erobring av det undermedvetne,
og innhaldet i draumane til ein ny sommarfugl.

Vissa om at ein berre lærer på nytt det ein tidlegare har gløymt,
og alt som hender medan ein elefant blunkar.

Å etter mange år kjenne att eit bilete frå barndomen,
og sommarfuglen si forståing av omgrepet død.

Kjensla av angst i mageregionen utan at ein veit kvifor,
og spørsmålet om alt stoppar opp når ein oppnår augekontakt med ein sommarfugl.

Tida frå den augneblinken ein vert klar over at ein sjølv er steinen
og at steinen er ein sjølv,
og tida etter at ein sommarfugl har letta.

Den tidlause og uløyselege kompleksiteten kring eksistensen av meining,
og eit lite hudflak frå øyra til ein elefant.

Den frie viljen si umerkelege forsvinning frå menneskesinnet,
og dei lydane ein gravid elefant lagar om morgonen
like før solstrålane legg seg som eit slør kring kroppen hennar.

Den særskilde lukta ein kjenner når ein møter det som ikkje er,
og lyden av elfenbein mot elfenbein når to elefantar måler krefter.

Spørsmålet om alt ville ha verka annleis om hjernen vår hadde ein annan konstruksjon,
og musikken som oppstår under jorda når ei stor gruppe elefantar vandrar over ei slette.

Den farlege situasjonen som oppstår ved manglande audmjuke
for det som festar seg under føtene våre når vi går framover,
og elefantane si oppfatting av tid.

Tilfellet av at ein har sommarfuglar og elefantar i magen,
og spørsmålet om alt stoppar opp i den augneblinken ein skjønar kvifor.

Oppdaginga av musikken som oppstår i kraftig vind,
og det som hender når to sommarfuglar drøymer same draumen samstundes.

Tida frå den augneblinken ein skjønar at ein ikkje treng å forstå,
til ein evnar å kjenne att smaken av noko ein tidlegare ikkje har hatt i munnen,
og spørsmålet om ein treng å søkje mental hjelp frå elefantar.