frå Samanhengar
Samanhengen mellom fenomen i fotballverda
og noko av det andre som rører ved oss i vår vandring her på denne planeten.

Samanhengen mellom frekvensen av tanken «det hælsparket skulle eg absolutt ikkje ha teke»
i hovudet til ein angrepsspelar i løpet av ein fotballkamp,
og kor ofte same person utfører rørsler som til då ikkje var kjende for menneskeslekta,
på dansegolvet etter midnatt.

Samanhengen mellom lukta i ein garderobe etter ein fotballkamp
i det den siste spelaren har fått av seg sokkane,
og åndelege hendingar innafor ein radius på 1000m
på same tidspunktet.

Samanhengen mellom dei munnrørslene ein person har like etter
at denne har fått ballen i mål,
og i kva grad vedkomande er alvorleg usikker på og uroleg for
om han ein gong har hatt samtalar med skapningar
frå andre planetar.

Samanhengen mellom avstanden ballen har frå vinkelen i det går i mål,
og kor lang tid det tar før målskåraren,
oppdagar at det er innsida av popcornbøtta han stirer på
etter at han brått vaknar opp i kinosalen under visinga
av det prisbelønna mongolske kjærleiksdramaet
han ser saman med si utvalde same kveld.

Samanhengen mellom den betydninga det har at ein fotballspelar
til ei kvar tid veit kva retning han spelar og
dei ansiktsutrykka han har i djup søvn.

Samanhengar mellom forsøk på å bortforklara sleivspark
og ukjende teoriar om at nasen har sin eigen vilje.

Samanhengen mellom dei estetiske kvalitetane
på såkalla klareringar ut frå eiga sone frå ein forsvarsspelar
i sluttminutta av ein jevn fotballkamp,
og graden av intelligens i dei fyrste lydane
som kom frå munnen hans same morgon.

Samanhengen mellom ikkje-realiserbare draumar
om å bli ein driblekonge av dimensjonar,
og skapbeundring av skandinaviske danseband.

Samanhengen mellom trongen til å gjere den teoretiske forskinga
i fagområdet «tunnelar innanfor eigen 5-meter» til eit satsingsområde,
og lysta til å gå nye og utradisjonelle vegar innan hjernekirurgi.

Samanhengen mellom evna til utelukkande å sjå på fotball
som eit metafysisk fenomen som heilt udiskutabelt hadde vore
meir utviklande om det hadde gått føre seg utan ball,
og den teknikken ein har innarbeidd for spagettisluking
når det ikkje er andre tilstades.

Samanhengen mellom korleis ein får «kontroll over ballen»
etter eit langt utspel frå keeper når ein tilsynelatane har all verdas tid,
og evna til å visualisere mengda av eksisterande planetar
og deira relasjonelle plassering i universet.