All

Like etter «the Big Bang» kom Planck-tida. Smellet var for omlag 15.000.000.000 år sidan, og Planck-tida var det fyrste 0,000000000000000000000000000000000000 0000001 sekundet etter smellet. Heile universet var då innanfor eit område som hadde ein diameter på mindre enn 0,1mm. Alt var der. På same vis som frøet har «tanken» i seg om korleis det skal bli til ein blom, kan ein seie at ideen om oss alle og alt som har vore, er og kjem til å verte, var der, innanfor det vesle volumet. Ein liten del av denne massen ville ende opp som deg og meg 15.000.000.000 år seinare. Visste denne massen det? Visste den om deg og meg? Visste den at eg skulle skrive dette? Visste den at du skulle lese det no?