Alt og ingenting

Vi har våre grenser gjennom mellom anna sanseapparat og hjernekonstruksjon.
Det er mykje vi ikkje kan ta til oss. Der finst grenser. Dette er viktig å vere klar over.
Er vi ikkje det, vil vi berre mistyda endå meir.
Om vi ikkje hadde hatt denne mangelen, ville Alt ha vore klart og tydeleg straks.
Ingenting ville med det ikkje eksistere. I ein slik situasjon er det òg tvilsamt om tida ville vere.
Slik er det ikkje. Alt er. Ingenting er. Tida er.

Alt
Mengda av Alt er enorm, kolossal. Alt som er. Alt som er tenkt, fantasert og forstått.
Alt som er meir eller mindre sansbart. Alt. Det er enormt. Det er Alt.
Med det same kan ein tru at Alt er uendeleg stort, at det ikkje har noka grense sidan det er så mykje.
Slik er det ikkje. Alt har avgrensing. Det er som ein kompakt ball som svever. Ei avgrensa form.

I Alt
Alt kan vi dele opp i tre område. «Det vi trur er», «Det som er» og «Det vi trur er og som er».

Ingenting og Alt
Utanfor alt er ingenting. Ingenting kan ikkje vere nokon annan stad.
Ingenting kan ikkje vere inni alt, for Alt er Alt. Der er tett, ingen plass, ikkje plass til nokon ting, Ingenting.
Vi veit lite om ingenting. Vi veit ikkje ingen ting om Ingenting, men vi veit lite.
Vi veit at Ingenting er utanfor Alt.

Ingenting
Ingenting er utanfor Alt, og utanfor Ingenting er ingenting.
Utanfor det Ingenting er det berre meir ingenting. Slik held det fram i det uendelege.
Ingenting er uendeleg, uendeleg stort. Ingenting har ingen grenser utover.
Dette er òg ein av grunnane til at ingenting må vere utanfor alt.
Ingenting er uendeleg større enn Alt. Alt er uendeleg lite i høve til Ingenting.

......