Frå Fotball med

Fotball med forvekslinga av orda
innbitt og underbitt og dei mange
uheldige kompliserte kirurgiske inngrepa
dette medførte for å styrkja innsatsen
til fotballspelarane.

Fotball med den absurde interessa
for å misjonera om all verdas produkt
som ikkje på noko vis har naturleg tilknyting til fotball,
og utan tanke for den påfølgjande kulturelle skaden
dette påfører dei uskuldige
som er vitne til slike åndsveike hendingar.

Fotball med kollektiv visse og semje og
at hadde berre baneforholda vore betre,
hadde det heile utvikla seg annleis,
utan at tanken om at annleis
garantert tyder mykje mykje verre,
nokon gong kjem på vitjing.


Fotball med ein stor iver etter å søkja
etter røtene til fotballen for å finna den originale fotballen
og urfotballens inste vesen og sjel,
og med det arbeida seg bakover i tid
til dei ikkje heilt runde lêrkulene, til dei uestetiske draktene,
til dei fyrste primitive heiaropa, til dei knuste tærne,
til springskallane, til kokosnøttene, til skjelpaddene,
til dinosaurane, til trilobittane, til vulkanane,
til dårlege baneforhold, utforminga av jordkloden,
til skruballane, til solsystema, til stjernene, til big bang,
og med det kunna sjå det heile i eit riktig perspektiv
for å ha eit godt grunnlag og vera best mogleg førebudd
til neste kamp.


Fotball med rusk i auget,
småstein i skoa, gelé i håret, snus i halsen,
sirup mellom tærne, lause skolisser som i periodar
held til under skoen på den andre foten, motvind,
naseborer fulle av gras, nybarberte kne,
tanken på egg som blir knuste,
fokuseringsproblem, gravitasjonsmistydingar,
månesjuke, dobbeltsyn
og trong til å kommunisera
i verseform.