Fotnotar

3
Det er ofte dei små brikkene som er dei viktigaste. Det er desse brikkene det er lettast å oversjå også. Dette faktum vart menneska så altfor klåre over då meteorologen Edward Lorenz i 1963 heldt det kjende foredraget «Does the Flap of a Butterfly’s Wing in Brazil set off a Tornado in Texas». Dette foredraget var starten på kaosteorien, som viste oss at små endringar innanfor eit bestemt tidsrom på eit lite område kan føra til dramatiske endringar på eit seinare tidspunkt. Dette må ein vera klår over i det ein utan stans går inn i framtida med nasetippen fyrst. I høve til dette dokumentasjonsarbeidet ser eg no (16. mai 2005), når arbeidet byrjar å gå mot slutten, at det er godt at denne stadfestinga og denne fotnoten kom såpass tidleg i arbeidet. Mange av hendingane står på ulike vis i høve til dette historiske foredraget. Det kan vera ok å ta opp igjen denne fotnoten mot slutten av boka, slik eg gjer no når eg går gjennom arbeidet for nest siste gong. Difor har eg lagt inn ein fotnote mot slutten av boka som oppmodar deg også om å gå attende til dette punktet.

35
Mellom øvre del av nasen og hjernen er det berre ei tynn beinhinne på eit par millimeter. Ei rekkje nervefibrar går gjennom denne beinhinna. Her er det med andre ord både kort avstand og god kontakt. Det er på mange vis lagt til rette for ein dialog som kan utvikla seg til noko stort, utan at vi per i dag har høve til å sjå rekkjevidda av det. På den andre sida er den muskelen med lengst namn nettopp plassert seg sjølv på nasen, nemleg Musculus Levator Labii Superioris Alaegue Nasi. Det er naturleg nok ein liten muskel, med eit langt namn. Noko underleg at han absolutt skulle plassera seg i nasen, sjølv om det ikkje er noko om tyder på at han vil stella i stand trøbbel i samband med den vidare utviklinga av nasen.

71
Graset veks med ein fart på mellom 3 til 6 cm i veka. Farten er avhengig av vêrforholda. Er vêrgudane i godt humør, og graset har ein fart på 6 cm i veka, veks graset med ein fart på 0,00595 mm/minutt, eller over 3 meter på eitt år, om vêrgudane går frå sans og samling. Dette er informasjon som verken Espen eller Kurt sat inne med i august 2003. Ved første augnekast kan dette verka lite, eller ganske mykje om ein ser på heile året. For Espen og Kurt verka det mykje, uavhengig av den matematiske utrekninga. Det var meir eit kjenslespørsmål, og då kjem matematikk til kort, uansett kor fine tala ser ut, og kor høgt ein ropar.

79
Merkjevogn blir nytta til linjemarkering av blant anna fotballbaner. Merkjevogna som Espen fekk tak i, vart kjøpt den 20. august frå banemeister Svein Nepstad på Brann Stadion. Brann har fleire merkjevogner. Eigentleg skulle ikkje banemeisteren kvitta seg med nokon av dei, men han måtte berre gje etter for presset den 20. august. Svein Nepstad sa i ein kommentar etterpå: «Vi driver ikke med salg og formidling av merkevogner, men etter å ha hatt den der typen rennende rundt her i 14 dager, kunne vi ikke gjøre annet enn å selge merkevogna. Vi fikk ikke gjort jobben vår. Man kan da ikke ha en eller annen gressfrik luskende rundt her som påstår at vi ikke kan klippe gress! Så egentlig er vi alle glade for at vi til slutt solgte merkevogna. Det var den eneste måten å bli kvitt ham på, og 14 500 kr for en godt brukt merkemaskin er jo heller ikke å forakte.»


113
Det vitskapelege grunnlaget for Espens påstand om at verda stoppar opp, er ganske tynn. Jorda går med ein fart på 29,8 km/s rundt sola. Om ein ser på solsystemet vårt, som ligg nær symmetriplanen i Mjølkevegsystemet, roterer det med ein fart på 250 km/s. Det skal med andre ord eit godt bremsesystem til for å få til ein stopp her, og slik vi generelt kjenner til bråstoppar, fører det ofte til at mykje fell ned og blir øydelagt. Noko slikt er ikkje dokumentert i denne samanhengen. Likevel skal ein ikkje heilt avfeia påstanden. Tid er på mange vis eit underleg fenomen. Då Albert Einstein la fram relativitetsteorien og viste at tid var ein relativ storleik, var det ikkje få som fekk svingstong i hovudet. Framleis er det vanskeleg å fatta dette, og likeins verkar Espens «eitt sekunds bråstopp»-påstand noko søkt. Likevel, det er berre 30. november 2003, sesongen 2004 er med andre ord langt unna, relativt sett.

114

Sjølv om det rasjonelt sett er lite hald i Espens utsegn sett i eit astrovitskapleg lys, var det likevel godt sagt av Espen, velvalde ord på eit viktig historisk tidspunkt. Dessutan var det ei improvisert utsegn, ho kom rett ut. Espen hadde ikkje planlagt desse orda. Ser ein på kjende politiske og andre sitat, er dei henta frå talar som er nøye gjennomtenkte. Sjølv Neil Armstrongs vidgjetne ord «That’s one small step for a man, one giant leap for mankind» då han sette foten sin på månen, kom ikkje ut på impuls. Han, og/eller sannsynlegvis andre, hadde tenkt gjennom sakene på førehand, det var ikkje ein spontan reaksjon på den noko spesielle situasjonen han var i. Her er Espen eit steg framføre Neil. Kurt derimot, som svarar «Godt, sjåast», ser ikkje ut til å ha fatta djupna i Espens utgreiing.

154

Kurt kjende til Bjørns arbeid med sprettert-teorien. Dei har hatt fleire samtalar om det tidlegare, og Kurt la fram sprettert-teorien under årsfesten den 18. november 2004. Då brukte han marshmallows under presentasjonen. Å bruka marshmallows for å demonstrera ein slik vakker teori strir mot all logikk og estetikk. Demonstrasjonen av sprettert-teorien vart difor mildt sagt ei pinleg oppleving. Dette har murra i Bjørn sidan årsfesten, og han såg no eit godt høve til å få presentera sprettert-teorien på skikkeleg vis under open himmel. Han ville sjølvsagt ikkje bruka marshmallows, då marshmallows har ei form som er totalt feil og ein konsistens som ikkje passar seg for ei slik framføring. Klinkekuler med ein diameter på mellom 20 og 25 mm er sjølvsagt best eigna. «Disse form- og konsistensvalgene til den såkalte «billedkunstneren» Kurt Johannessen er noe han burde forstå var patetisk og langt bak mål. Marshmallows, - for en idé! Hvor tar han det fra? Herregud, mannen trenger jo hjelp,» sa nasen til Espen i ein kommentar nokre dagar etter årsfesten. Ein kan òg nemna at nasen til Espen klarte å dra Espen ut av festlokalet og inn på toalettet under demonstrasjonen. Det seier ikkje lite.

196
For omlag fire månader sidan hamna Arne og ein Troika i ein situasjon som vi ikkje skal gå nærare inn på her. Detaljar omkring denne hendinga var faktisk i manuset fram til 14. september 2005. Etter ein telefonsamtale der Arne fekk siste ordet, fann Kurt det mest tenleg å utelata denne informasjonen, sjølv om det fagleg sett ikkje var heilt forsvarleg. «Jeg trodde det var en bok om Skansemyren Ballklubb du arbeidet med, og ikke en sjokoladeroman. Det er vel grenser for hvor langt utenfor sidelinjen det er mulig å komme, og fremdeles kalle det forskning! Det neste blir vel at du lager et eller annet kunstprosjekt ut av det: Herregud!» sa Arne og slo telefonen mot kjøkkenbordet. Heldigvis hadde dei ikkje suppe til middag den dagen. Kurt hadde planar om å diskutera eit par andre saker med Arne denne dagen, men han heldt viseleg kjeft. Nasen til Kurt kom derimot med ein liten kommentar: «Ikkje sjå på meg!» Det er usikkert om Arne fekk med seg denne kommentaren før telefonen fekk eit lite hyggeleg møte med ein heller hard tresort. Uansett var kommentaren ganske tåpeleg, i og med at utsegna var retta mot Arne, som var heller langt unna.

230
«Om han har vilje,» seier nasane til Espen og Kurt synkront i ein kommentar. Filosof Kevin Cahill kommenterer utsegna til nasane: «Schopenhauer sa at det bak alle observerbare fenomen lå en primitiv, ubevisst drivkraft. Dette kalte han for vilje. Ifølge Schopenhauer var verden bare vilje. Fra den minste partikkel til den største galakse, fra ekornet som samler nøtter, til mennesket som samler planer, var verden bare en poengløs, strevende vilje. Eneste muligheten for å komme seg ut av dette marerittet var å trekke seg tilbake fra verden. Nietzsche presiserte at verden bare var vilje til makt, og mente at den eneste løsningen var å kaste seg inn i dette marerittet. Wittgenstein var litt usikker. Han skrev: ’Verden er uavhengig av min vilje.’» Nasen til Espen kommenterer kommentaren frå Kevin: «Hah, blautfisker».

234
Evna til å hugsa lukt er godt utvikla hos menneska. Vi hugsar lukter betre enn andre hendingar som ligg langt bak oss i tid. Grunnen til det er sannsynlegvis at senteret for lukt og senteret for minne ligg like ved kvarandre i hjernen. Dei er rett og slett gode naboar, drikk kaffi saman og utvekslar røynsler. Stundom er det ferske bakarvarer på bordet som duftar ekstra godt. «Ja, her luktar det godt,» seier senteret for lukt. «Ja, det skal vera visst, denne lukta kjenner eg godt igjen,» seier senteret for minne, tar ein god bit av den franske sjokoladekaka og slurpar i seg kaffi. «Har du vore heime hos senteret for syn i det siste,» spør senteret for lukt og legg seg over den nybakte kaka. «Nja, det byrjar å bli ei stund sidan. Langt å reisa, veit du. Byrjar å dra på åra, og slit litt med beina. Liker helst å halda meg heime eller stikka innom deg. Tøff jobb, veit du. Alle masar heile tida: «Sjå kva eg har sett», «kjenn denne smaken», «høyr på dette». Viktigperar, spør du meg. Kan ikkje hugsa sist eg hadde ferie. Ha, ha, ha. Det er i alle fall godt å kunna stikka innom deg, leggja seg ned i sofaen og lukta på nybakte kaker. Har du fått ny sofa, forresten?» seier senteret for minne og gløymer både tid og jobb. Ja, slik kan to gode naboar hyggja seg saman.

257
I ein telefonsamtale med Kurt Johannessen og nasen til Kurt Johannessen kom Kevin Cahill med krass kritikk den 17. august 2005:
Kevin: Man kan ikke se verden ut fra målinger og tro at en finner fakta, en finner bare sannsynlighet. Sannsynlighet! Jeg trodde forsknings-avdelingen i SBK var en sannhetssøkende forskningsavdeling? Dessuten, å basere hele arbeidet på at de fysiske lovene opphører å eksistere i et brøkdel av et sekund – det skal liksom forklare alt?
Kurt: Jo, eg tykkjer det verkar opplagt.
Kevin: Opplagt? I beste fall lite sannsynlig.
Nasen til Kurt: Tja, opplagt, lite sannsynleg, sant; det går vel mykje ut på eitt i di verd?
Kevin: Går ut på ett?
Nasen til Kurt: Vi har litt andre planar, det vil seia; eg har andre planar, Kurt må berre hengja med. Og forresten er det ikkje berre opplagt, det er klinkande klårt.
Kevin: Jaha?
Nasen til Kurt: Du hugsa det du sa om framtid: «Hittil har alle fortidige framtider vært det samme som alle fortidige fortider.»
Kevin: Ja.
Nasen til Kurt: Ikkje dårleg innlegg det der, sjølv om utsegna heng fast i fortida, kjem frå fortida.
Kevin: Ja vel.
Nasen til Kurt: Det kan bli mål av slikt. Som du skjønar, blir framtida annleis i framtida. «Hittil har alle fortidige framtider vært det samme som alle fortidige fortider,» sa du. Hittil. Alle framtidige framtider har fram til no hengt fast i fortida. Eg heng som du kanskje veit, fast i framtida. Eg heng òg fast i Kurt, men det er sjølvsagt mindre interessant og mest sannsynleg eit temporært prosjekt. Utsikta herifrå er opplagt mykje betre, eller utsikta herifrå er klinkande klårt betre.
Kevin: Kurt, er du der?
Kurt: Jo da.
Kevin: Hva er det som foregår?
Kurt: Er det noko som går føre seg?
Uheldigvis oppstod det ein teknisk feil på telefonlinja, slik at samtalen vart broten her.

276
Denne påstanden er ikkje blitt grundigare undersøkt. Fråsegna er utelukkande basert på at syltetøyet gjekk inn i fotballhistoria. Om det var eit klokt val i høve til korleis bringebærsyltetøyet definerer eit klokt val, kan vi ikkje seia noko om enno. Sett frå ståstaden mennesket, er det nok mange som ynskjer å vera ein del av fotballhistoria. Viktig er det likevel å slå fast at slik treng det absolutt ikkje vera for bringebærsyltetøy. Spørsmålet om syltetøy heller vil tørka ut på eit velbrukt matpapir enn å entra fordøyingsapparatet til pattedyr, har vi ikkje nok materiale til å kunna svara på per 15. september 2005. Vi kan heller ikkje seia om handlinga vart utført ut frå syltetøyets ynske om eller vilje til å gå inn i fotballhistoria – om syltetøyet skulle bera på slike kjensler. Mange spørsmål står utan svar i denne saka. Forskingsavdelinga i SBK har for mykje arbeid i nær framtid, så desse spørsmåla må venta heilt til 2006. Ein vurderer å setja i verk vidare undersøkingar av problemstillinga i byrjinga av april 2006.

291
Telefonen kom heldigvis uskadd frå hendinga. Verre var det med den ytre mageregionen til Arne. Den indre mageregionen var lykkeleg då varm, herleg næringsrik suppe var i anmarsj. Den lykkelege augneblinken lét venta på seg på grunn av ei telefonoppringing, men ingenting tydde på at det skulle gå lang tid før inntaket av suppe kunne halda fram. Arne hadde gløymt matpakke denne dagen, og hadde berre ete ein Troika til lunsj. Magen var difor meir enn klar for næringsrik suppe. Gode vibrasjonar strøymde frå den indre delen av magen til den ytre regionen. Den ytre regionen, som var like ved suppetallerken, fekk derimot ein del dårlege vibrasjonar frå suppa. Like etter at telefonen hadde skrike av smerte, trudde ikkje suppa sine eigne auge då ho såg knyttneven til Arne som var på veg mot suppeskåla. Uheldigvis for suppa, men heldigvis for SBK, trefte knyttneven kanten på suppetallerken, og den varme suppa gjekk til frontalangrep på magen til Arne. Arne merka ikkje den varme suppa. Magen var derimot stiv av skrekk. Når ein blir angripen av vibrasjonar med motsette verdiar frå to sider, oppstår det eit slags lynnedslag i møtepunktet. Tida stod stille ein augneblink på kjøkkenet til familien Instebø. Arne var nesten i koma, og dei andre familiemedlemmene var delvis ute av drift og lettare hørselsskadde etter Arnes utbrot. Etter 5–10 sekund vart han klår over suppesituasjonen. Samstundes fekk dei andre familiemedlemmene hørsla nokolunde attende. Arne vart forfjamsa over suppesølet og lurte på kven som hadde kasta suppe på han. Linda prøvde å forklåra kva som hadde hendt. Arne trudde ikkje på noko av det Linda fortalde, og starta med det ein ny krangel med Linda som varte og rakk. Heldigvis sette dette dei opprivande nyhenda frå Kurt litt i skuggen. Den 2. juni 2004 vart med det ein kritisk dag for SBK, då det heldt på å bli brot mellom SBK og Arne Instebø. Kvar og ein kan bli skjelven av slike tankar. For korleis hadde det gått med nasane til SBK-arane dersom Arne ikkje hadde treft kanten på suppetallerken og rota seg bort i ein krangel med Linda den 2. juni 2004?