Historikk

25. september 1066 Harald Hardråde døyr i kamp mot Harold Godwinsson ved Stamford Bridge.
25. september 1846 Johan Galle oppdagar planeten Neptun.
1888 Fridtjof Nansen kryssar Grønland på ski.
1893 Sigbjørn Obstfelder gjev ut boka «Digte».
1908 Hardy-Weinberg-lova ser dagens lys, utan at det er så mange som tenkjer på synkronsymjing.
1963 Edward Lorenz heldt foredraget «Does the Flap of a Butterfly’s Wing in Brazil set off a Tornado in Texas».
22. november 1963 John F. Kennedy blir myrda.
1966 The Kinks kjem ut med låten «Sunny Afternoon».
21. juli 1969 Neil Alden Armstrong tar sine fyrste steg på månen.
1971 Sjokoladen «Troika» ser dagens lys.
8. juni 1978 Skansemyren Ballklubb blir skipa.
1984 Jørgen Knudsen utfører det fyrste lydopptaket under jorda.
1991 Premiere for filmen «Gressklippermannen» av Brett Leonard.
15. juni 1991 Gøran Sørloth spelar sin beste landskamp: mot Italia på Ullevål Stadion, Oslo (2–1).
12. august 1992 Komponisten John Cage døyr.
19. desember 1992 Bjørn Skagen får dei fyrste visjonane om Glimtet.
12. november 1993 Arne Instebø skaper det fyrste biologiske Glimtet.
12. januar 1994 Arne Instebø utfører dei to fyrste glimtoperasjonane i verda.
19. mars 1994 Arne Instebø opererer inn ein refleksaktivator inn i høgre kne.
22. august 1994 Skansemyren Ballklubb vedtar å gjennomføra glimtoperasjonen på alle i klubben.
12. mai 1996 AFRI – Alternative Football Research International – vart stifta.
23. juni 1998 Tore André Flo skårar mot Brasil i VM.
22. mars 2000 Kurt Johannessen startar opp forsking på demping av fotball.
23. april 2000 Kurt Johannessen blir medlem av AFRI.
12. mai 2000 Kurt Johannessen startar forskingsprosjektet «Skot med kneet».
3. august 2000 Kurt Johannessen får forskingsstøtte frå AFRI for «Skot med kneet»-forskinga.
21. november 2002 Espen Storstrand byrjar å eksperimentera med naseplaster.
1. desember 2002 Kurt Johannessen held sitt fyrste foredrag «Lobblogikk – før og no» på AFRIs årsmøte.
9. desember 2002 Årets mistolking av «mogleg potensial i ein situasjon» 2002 finn stad.
3. februar 2003 Nasen til Espen Storstrand stabiliserer seg i stadium 1.
18. februar 2003 Espen Storstrand byrjar å bruka hesteplaster i naseplaster-forskinga si.
19. mars 2003 Suppetragedien hos familien Storstrand.
26. mars 2003 Oppdaginga av nashorngrå som den optimale fargen.
3. april 2003 Trampolinefotballtrening i regi av Kurt Johannessen startar opp.
14. april 2003 Kurt Johannessen byrjar å forska på samanhengen mellom fotball og synkronsymjing.
15. april 2003 Familien Storstrand avsluttar bruken av hesteplaster.
19. april 2003 Kurt møter tverrliggjaren i litt for stor fart under ei trampolinefotballtrening og får banan.
22. april 2003 Nasen til Espen stabiliserer seg i stadium 2.
Mai 2003 Espen får auka interesse for grasstudiar.
3. mai 2003 Arne Instebø offentleggjer planane om anleggja operasjonsstove i stova.
10–12. mai 2003 SBK-medlemmer med familiar byrjar på «SBKs hesteplasterkur for fotballnasar».
Mai–juni 2003 Kurt herjar på venstrevingen under fotballtreningane til Skansemyren Ballklubb.
August 2003 Espen handlar hyppig inn grasklipparar.
1. september 2003 Grasøyreklokkene til Espen er klare.
9. september 2003 Espen, Jørgen og Kurt gjer eit gjennombrot i grasvekselyd-prosjektet.
10. september 2003 Avhandlinga «Skot med kneet – undervurdert eller overvurdert?» blir lagd fram for pressa.
30. november 2003 Det er mogleg verda stoppar opp eit lite sekund.
Desember 2003 «SBKs hesteplasterkur for fotballnasar» er klar for alle skansemyrarar.
11. desember 2003 Arne Instebø legg fram «Muskelplan 2004».
13. desember 2003 Kevin Glanville luktar i skoa til Jimmy Floyd Hasselbaink i Chelsea-garderoben på Stamford Bridge etter kampen mellom Chelsea og Bolton.
19. desember 2003 Torill Nøst og Marianne Storstrand stormar inn på Café Opera med synkrone mordtankar.
15. mai 2004 Fyrste styremøte i SBK med hesteplaster.
2. juni 2004 Telefonsamtale fører til kritisk suppemiddag hos familien Instebø.
3. juni 2004 Muskelen «musculus abductor pollicis longus» helsar på muskelen «musculus flexor digitorum».
11. juni 2004 Arne Instebø utfører eksperiment med suppetallerkar.
15. juni 2004 Nasen til Espen Storstrand stabiliserer seg i stadium 3.
16. juni 2004 Arne Instebø får fiken.
18. juni 2004 Eirik Kjærgård prøver hjerneoppvarming for fyrste gong.
21. august 2004 Kurt kjøper Hennig Olsen-is på Spar Mat.
2. mars 2005 Forskingsavdelinga i SBK blir oppretta.
April 2005 Nasen til Espen er på veg inn i stadium 4.
3. april 2005 SBK-nasane viser oppsiktsvekkjande diplomatiske ferdigheiter.
3. april 2005 Brikkene fell på plass i Nordnesparken.
4. april 2005 Synkronskissene blir nedteikna.
4. april 2005 Styret i SBK vedtar å støtta Kurt Johannessens dokumentasjonsarbeid om SBK både økonomisk og mentalt.
4. april 2005 Ei skinkeskive forsvinn på kontoret til Harald Lien.
19. april 2005 Skinka til Harald Lien dukkar noko medfaren opp igjen på kontoret.
20. april 2005 «Grustrening nivå 0/6» blir testa ut for fyrste gong.
22. april 2005 Synkronsymjingdagen.
22. april 2005 Jørgen Knudsen ser avdøde John Cage i Bergen sentrum.
22. april 2005 Aud Berge oppdagar to opp-ned, men urørte, kakestykke på Terminus Kafé.
29. april 2005 Jørgen Knudsen merkar ikkje noko til superkrefter.
3. mai 2005 Synkronskissene møter kvarandre for fyrste gong.
9. mai 2005 Espen Storstrand er godt i gang med å planera grasplenen i Furulien 32.
11. mai 2005 Nasen til Espen Storstrand får eit lite hyggeleg møte med gras.
2. juni 2005 Synkronskissene blir sameina for all framtid.
7. juni 2005 Nasen til Kurt stiller seg tvilande til situasjonen på kjøkkenet hos Øystein Ytrenes.
14. september 2005 Familien Instebø har ikkje suppe til middag.
15. september 2005 Kurt avsluttar det redaksjonelle arbeidet med boka «Fotball med meir».
24. september 2005 Kurt Johannessen gjer greie for ein konsekvensanalyse av «3-sekund fram i tid - teorien» og viser fram nasen sin under Forskningsdagene 2005 i Bergen.
28.–29. oktober 2005 Presentasjon av SBK i Bergen Kunstmuseum.
30. oktober 2005 Opning av utstillinga om SBK på Galleri Gathe i Bergen.
16. november 2005 Fotballskoa Gøran Sørloth brukte i kampen mot Italia i 1991 er oppetne.
Januar 2006 Suppa til Arne Instebø er klar.
April 2006 Forskingsavdelinga i SBK vil avgjera om ein skal setja i gang studiar på transformasjonspreferansane til bringebærsyltetøy.
Februar 2006 Glimt 2-operasjonane startar.
Februar 2008 Nasen til Espen Storstrand går inn i stadium 5.
August 2014 Nasen til Espen Storstrand stabiliserer seg i stadium 6.