Hyllest til fjellet som ikkje falt


Eg hugsar tilbake til då eg var 5-6 år gamal. Der eg budde var det fjell på alle kantar, og det var særskilt eitt fjell som var mykje brattare enn dei andre. Det gjekk høgt, høgt rett oppover. Eg tenkte då at når dette fjellet er så bratt på denne sida, vil det gå minst like bratt ned på baksida. Dette måtte føre til at fjellet måtte stå særs ustødig. Det kunne eigentleg falle ned når som helst. Faren for at det skulle falle mot huset vårt var alt for stor. Åra gjekk, og eg vaks meg litt større. Eg såg på fjellet og tenkte: Fjellet går nok ikkje rett ned på den andre sida, men det held sjølvsagt fram med fjell langt, langt bakover. Det er jo slik det plar vere. Eg slo meg til ro med den tanken i mange år. Fjellet stod der, det fall ikkje ned. For eit par år sidan såg eg eit flyfoto av fjellet. Eg oppdaga då at fjellet var like bratt på baksida som på framsida. Det var slik eg hadde tenkt meg det fyrst, og det synte seg no at det var røynda. Trass det hadde fjellet stått der i alle år utan å falle ned. Ein kveld i august i år klatra eg opp til toppen av fjellet. Då eg la meg til å sove der oppe, lyste alle stjernene på himmelen. Neste morgon sette eg tusen flagg på fjellet. På kvart av desse flagga er det ei stjerne