Åpne auge og lukka auge


Du åpnar augene. Alt er kvitt. Det er ingenting å sjå, berre kvitt. Kvitt lys. Kva har hendt? Korleis er du komen hit? Du hugsar ikkje. Du har ei kjensle av at du nyleg har gråte. Augene dine er våte. Det er alt. Det er alt du kan hugse. Og her er det ingenting. Kvifor er du her? Kvar kom du frå? Kvar er alle andre? Er det nokon andre? Her er det ingenting. Ingenting, sterkt lys og ei svak erindring om gråt. Du kan ikkje hugse å ha sett eit slikt sterkt lys før. Du kan ikkje hugse å ha sett noko før. Ingenting. Det som har vore, kjennest som ingenting, og no er det sterkt ubehageleg lys. Det kjennest som det blir sterkare. Du klarer ikkje lyset lengre. Du vil helst lukke augene. Du prøver å halde dei åpne litt til, som om noko vil at du ikkje skal lukke augene. Du prøver, men lyset er for sterkt. Det er som det trengjer seg inn i deg. Du klarer det ikkje lenger. Du må lukke augene. Du lukkar augene. Det kjennest stillare, men det var ingen lyd før. Det kjennest betre. Du kan kvile. Først verkar det som det er svart, men etter ei stund skjønar du at det er raudt. Lyset utanfrå pressar seg på slik att alt verkar raudt. Men det er betre slik med raudt lys. Betre med lukka auge. Du merkar du kan slappe av litt, trass i den urovekkande opplevinga du hadde med åpne auge. Det er som tankane dine er stille. Spørsmåla pressar seg ikkje på slik dei gjorde for litt sidan. Det er berre raudt. Du kan kvile i det raude. Kvile i kropp og sinn. Kvile, det er godt. Du prøver å hugse, men kan ikkje. Det er ingen ting å hugse. Gradvis kjem det nokre nyansar i det raude. Gradvis kjem det nokre tankar. Det er som du ser noko endå om augene er lukka. Noko er lys raudt, noko raudt, og noko litt mørkare. Det rører seg, som ein film der alt er ute av fokus. Det er merkeleg. Du har framleis augene lukka, men du ser. Du er som frosen i denne situasjonen. Du stirrar inn i det raude. Du kan ikkje gjere anna..........