Det første møtet med ein bølgeteljar
skjønar ein lite av.
Flokkar av kvite hestar flyg ofte over skyene.
Det er uråd å sjå dei.
Fastsetjinga av den dagen
alle psykologar står på hovudet.
Samanhengen mellom kor og korleis ein sit i stolen når ein ser skrekkfilm
og
kva type andletskrem ein føretrekker å ha på seg om
natta.
Dei fantastiske hendingane under middagen
med det russiske slangemennesket.
Etter å ha gått langt,
vil ein plutseleg sjå ein død stein.
Det innerste.
Plutseleg heilt utan forvarsel kan ei stjerne komme ned frå himmelen
og kysse deg og så forsvinne igjen.
I hovudduellar under fotballkampar
som blir spela om kvelden når det er fullmåne,
oppstår det ofte ei merkeleg form for ørske.
|