Øvingar

a ein tur i svømmebassenget.
Ha fisk til middag etterpå.


Klyv opp på eit høgt fjell.
Prøv å stå på hovudet.
Klyv så ned igjen.


Bak eit brød som liknar eit fly.
Legg det ut og la fuglene ete det.


Les ei hundre år gamal bok.


Klipp deg.
Legg håret ned i skoene.
Gå slik ein heil dag.


Stå opp midt på natta,
spis to grønne eple
og les eit eventyr.


Et litt ost
og sjå på månen.


Følg etter ein snigel ein dag.


Tenk på noko du ikkje veit.


Ein dag det regnar,
grav ned ein paraply.


Lån ei bok om fly på biblioteket.
Kjem håret bakover.


Gå inn i skogen.
Grav eit hol og skrik ned i det.
Tett holet igjen.