28 Personar

Det skjedde noko rart ei tid etter at ho var 36 år. Ei natt drøymde ho det meste av det ho hadde opplevd dagen før. Neste natt drøymde ho om dagen før der igjen. Slik fortsette det natt etter natt, dag for dag bakover i tid. Då ho var 40år drøymde ho om det ho opplevde som 32-åring, då ho var 60 drøymde ho om livet sitt som 12-åring. Det var ikkje berre det at ho drøymde bakover i tid, draumane var og baklengse. Draumane byrja med at ho stod opp om kvelden. Heile dagen gjekk ho baklengs og snakka baklengs. Maten kom ut av munnen og vart lagt på tallerken. Råvarene leverte ein tilbake til butikken. Ho skjøna lite av kva som vart sagt i byrjinga, men etter kvart kunne ho forstå baklengssnakking fullt ut. Draumane vart klarare og klarare. Då ho var 70 år drøymde ho om livet sitt som 2-åring. Draumane var no nesten verkelegare enn det vakne livet. Ho kunne sjå gjennom augene til ein 2-åring og samstundes ha erfaringa og medvitet til ein 70-åring. Det var nesten ingen som trudde på desse draumane, særleg ikkje då ho drøymde om barndomen sin. Då ho var 71 år gamal, fekk ho problem med beina. Ho vart sengeloggande og trong mykje pleie. Ei tid etter at ho vart 72 år, fall ho i koma. Slik levde ho dei 9 siste månadane.

Ho hadde noko som likna ei sjøstjerne like under huda. Det var som eit svakt stjerneforma lys som kom innanfrå. Det kunne vere i magen, på ryggen eller nedover beina. Ja, av og til vandra stjerna sakte under huda i ansiktet. Ho hadde det slik heile livet. Då ho døydde forsvann stjerna.


Ho hadde hovudet fullt av sjiraffar. Same kva ho gjorde var det ikkje anna enn sjiraffar ho tenkte på. Dessutan hadde hadde ho fått store smerter i halsen dei siste dagane.

Ein dag då sola stod høgt på himmelen, bestemte han seg for å bli verkeleg flink til eit eller anna. Resten av livet sitt skulle han bruke til dette. I det same han hadde tenkt det, vart han klar over kva han skulle bli flink i. Han ville lære seg å gå i sirklar, perfekte geometriske sirklar. Han byrja med små oppteikna sirklar med ein diameter på 1-5 m. Etter ei tid kunne han gå desse sirklane perfekt, utan å følgje ein teikna strek. Sirklane vart større og større år for år. Ein dag han gjekk ein sirkel som var 57 m i diameter, skjøna han plutseleg at han kunne gå i kva sirkel det skulle være. Dagen etter gjekk han i ein sirkel som hadde ein diameter på 1127 m. Dette gjorde han heilt perfekt, sjølv om han aldri hadde gått i ein så stor sirkel tidlegare. Den neste sirkelen han gjekk hadde ein diameter på 14.299 m. Den etter det var på 312.119 m i diameter.

Han var ein dykkar med lang erfaring i djupvassdykking. Ofte var han under havoverflata i lang tid. Ei natt under eit slikt oppdrag, drøymde han at han vakna. Utan dykkarutstyr gjekk han ut av dykkarklokka og sumde langs med havbotnen. Han drukna ikkje. Han kunne «puste» i vatnet. Etter kvart svelgde han meir og meir vatn, og han vart større og større. Huda vart tynnare og meir gjennomsiktig. Fiskar byrja symjeinn i han, - først småfisk, seinare haiar og andre større fiskar. Til slutt hadde han til og med fleire kvalar inni seg. Ei tid seinare hadde han sommarferie og bada saman med barne sine. Han spegla andletet sitt i det klåre vatnet.