Det
var berre å setja i gang leiteaksjonen. Badeanda var som blåst
bort.
Han hadde akkurat stått og sett på ho der ho stod midt på
stovebordet.
Badeanda – kva gjer ho midt på stovebordet, hadde han tenkt.
Like etter gjekk han ut på kjøkkenet og skjenkte seg meir
kaffi.
Han tok ut bosset, før han gjekk inn på soverommet og henta
ei bok.
Han såg gjennom posten som låg i gangen. Han gjekk inn på
toalettet.
Der vart han ei stund og las om flymotorproduksjon i ei gratisavis som
kom med posten.
Han gjekk så inn på kjøkkenet og henta kaffikoppen
før han til slutt returnerte til stova.
Bananen hadde ein god plan.
Ingen av druene i drueklasen ville derimot ta del i aksjonen,
så det vart ikkje noko av.
Gulrota ligg like ved brødposen med det altfor tørre brødet.
Kaffikoppen står midt på bordet, halvfull med kald, beksvart
kaffi.
Sekundvisaren på kjøkkenklokka slit med å koma seg
forbi ellevetalet.
Teppet ligg urørleg på golvet.
Det ringjer på døra.
Dagen etter var skogen der igjen.Det var ei fantastisk nyvinning.
Med dette spesiallaga måleinstrumentet kunne dei finna ut mykje
meir
om situasjonen enn dei tidlegare hadde kunna.
Det var dessutan ikkje berre det at informasjonen dei fekk, var mykje
meir presis enn tidlegare,
dei ville i tillegg kunna få informasjon om problemstillingar det
tidlegare var umogleg å observera. Måleinstrumentet vart slått
på, og ut kom ei mengd informasjon som overraska alle som deltok
i arbeidet.
Dei nye datasamlingane revolusjonerte vitskapen. Mykje måtte skrivast
om,
og i tillegg fekk det store samfunnsmessige konsekvensar.
Ein måtte finna nye løysingar på mange område.
Ein måtte utføra aktivitetar på anna vis no, elles
ville ein få store problem.
Det vart aldri oppdaga at dersom ein plasserte måleinstrumentet
inne i situasjonen, endra situasjonen seg omgåande.
Måleinstrumentet påverka situasjonen på eit
vis det var uråd å leggja merke til.
Dette førte til at ingen av målingane vart korrekte.
Den uopna posen med poteter vart lagd rett inn i skapet.
Han var sydd igjen øvst, og var av kraftig, brunt papir.
På framsida hadde han eit lite plastvindauge,
slik at litt lys kom inn til potetene.
Skapdøra vart omgåande lukka.
Det vart mørkt inni skapet.
Ein frosk hoppar ut i den vesle dammen
og får augekontakt med seg sjølv
like før han bryt vassflata.