Sniglebjeff og andre måneferder


Natt etter natt drøymde han at han gjekk på månen. Ein dag braut han
foten.


Samtale om stilla.



Han var dårleg.
Han hadde kasta opp jordbærsyltetøy i lang tid.
Rommet såg ikkje ut. Taket, golvet, veggane.
Ein dag, svakt, kunne han høyre ein lyd
som kom frå munnen.


Ned på månen.


Under den minste steinen,
der hadde trollet gøymt tankane sine.



Vegen til alle stader samstundes.
Det var den ho kom frå.



-Ja, men det er jo ingen ting i handa di,
sa dronninga då prinsen
skulle fortelje om reisa si.



Det var kveld.
Han fann det fram.
Såg på det.
La det attende.
Natta kom.



Ho hadde ein stor boks.
Ho grov eit hol i hagen.
Der plasserte ho boksen.



Steinen som visste om raset.




Ho sa: Har du fått rusk i auga? Han sa: Nei, eg har verda i auga.