Tida før inkje


I tidlege tider i individa si utvikling var det ei anna forståing av fortid, notid og framtid. Fortida var noko som var knytt til minne. Gjennom kjennskap til fortida kunne ein gradvis byggje seg opp ei forståing av notida. Framtida var for det meste ukjent. Enkeltindivida hadde liten eller ingen påverknad på framtida. Forståing av artsfrendar, materien, endringar i materien og kunnskap om dei fysiske lovene var minimal. Gradvis gjennom generasjonar kunne individa byggje seg opp kunnskap om korleis materien og endringar i materien hang saman. Det vart med det klarare korleis ein kunne møte framtida. Overlevingsinstinktet var sterkt og handlingane stod i høve til det. Forståinga av framtida var enno enkel, men til stor hjelp. Etter kvart auka forståinga om materien, og med dette kunnskapen om framtida. Ein kunne planleggje i høve til dei fundamentale behova, og ein kunne sjå framtida i grove trekk. Ein oppfatta notida som eit resultat av aktivitet i fortida. Notida var alltid no. Framtida vil alltid komme. Ein kunne sjå, for så å lukke augene. Den informasjonen ein fekk når ein såg, ville ein ta til seg, og med det konstruere ei forståing om korleis verda ville sjå ut når ein åpna augene igjen. Når ein så åpna augene, såg ein omlag det ein såg før ein lukka dei. Det ein såg var omlag det ein trudde ein kom til å sjå. Samstundes var det noko anna, fordi det var eit nytt tidspunkt, ei ny notid. Denne notida hadde ikkje eksistert tidlegare. Slik kom framtida mot ein og endra notida gradvis og utan stans. Materien og dei fysiske lovene styrde utviklinga. Framtida kom og vart notid. Notida forsvann og vart fortid. Vitskapen viste klarare og klarare korleis og kvifor materien endra seg i tid. Den kollektive kunnskapen voks. Ein kunne planleggje meir detaljert korleis ein best skulle organisere seg. Framtida vart noko ein fekk betre og betre kontroll over. Uroa minka. Individa kunne «sjå» framtida, og omlag slik vart den. Det var framleis mange usikre moment; andre individ, andre artar og endringar i materien som ein til no ikkje hadde teknologi til å kunne sanse. Framtida kom og nye generasjonar voks fram. Det kollektivet minnet om fortida auka. Teknologien gjorde nye framsteg, slik at vitskapen kunne finne nye detaljar om materien og endringar i materien. Individa laga ein formel. Denne formelen utvikla dei, og utforma den meir og meir detaljrikt. Formelen kunne dei leggje inn i ein maskin, og ut kom bilde på korleis framtida vart. Di kortare fram i tid ein søkte, di skarpare vart bildet. Søkte ein langt fram i tid, vart bildet meir uskarpt. Etter kvart som tida gjekk, vart formelen meir detaljert, og bilda langt fram i tid vart klårare. Såg ein noko foruroligande i framtidsbilda, kunne ein sette inn tiltak som ville påverke framtida. ...