Dei andre situasjonane

Litt før ho forlét leilegheita,
skrudde ho ned volumet på radioen.
Av ein eller annan grunn slo ho aldri av radioen,
ho berre skrudde ned lyden. Radioen stod eigentleg på døgnet rundt,
sjølv når ho reiste og blei borte i mange dagar.
No trudde ho at ho hadde skrudd lyden heilt av,
men han var på det heilt svakaste.
Det kom litt lyd ut av radioen.
Om ein la øyra inntil høgtalaren og var heilt stille,
kunne ein høyra nyhenda som fortalde
om ein bombeeksplosjon.

 

Det likna på ei badeand, ei slik gul i mjuk plast.
Det var alle samde om. Ei klassisk badeand.
Sjølv lyden som kom når ein klemde på ho,
var akkurat ein slik lyd som badeender er kjende for.
Nebbet, auga, den mjuke plasten, måten ho flaut på i vatnet
– alt var som ei badeand, men det var inga badeand.
Absolutt ikkje. Det kunne ikkje vera ei badeand, klin umogleg.
Det var alle samde om.

 

På bordet var det ein stor stein og to koppar nytrekt kaffi.
Steinen dekte nesten heile bordet.
Begge koppane var plasserte delvis utfor kanten på bordet.
Det var som om dei klamra seg til steinen for ikkje å falla ned.

 

Dei hoppa opp samstundes alle tre.
Etterpå landa dei igjen.
Alle tre.

 

I sofaen låg det tre steinar.
I kvar av dei to stolane låg det ein stein.
Alle steinane var store og tunge.
På bordet stod det fem koppar med nytrekt kaffi.
I ein av dei fem koppane var det ein liten fløyteskvett.
Midt på bordet dansa ein liten grisunge.
Det var lett å sjå på dansinga at han var nervøs.
Han likte dårleg situasjonen han var hamna i,
og ynskte han var ein annan stad.

Det regna tett, samstundes som det bles opp til storm.
Regnet slo mot vindaugsruta. Heile ruta var dekt av vatn.
Vatnet viska bort konturane på alt der ute. Det som var eit fuglebur,
kunne like godt vera ein lastebil fullasta med tømmer.
Tømmeret var kanskje ikkje festa godt nok,
og vinden kunne riva det med seg,
og det kunne rasa over søppelspannet
som like godt kunne vera ei lysekrone i krystall
som var litt vanskeleg å slå på,
då det elektriske anlegget var gammalt.
Det burde vore skifta ut for lenge sidan.

 

Ho skulle akkurat til å gå ut døra då eit fjell ringte på.
Det var heldigvis eit ganske lite fjell med eit strålande godt humør.
Ho blei likevel forbausa der ho stod framføre det.
Berre det ikkje er nokon slike religiøse greier,
det har eg ikkje tid til no, tenkte ho.

 

Der var det. Like framføre ho. «Det urørte».
Det var nesten ikkje til å tru, og her av alle stader.
Etter all den leitinga. Det var berre å strekkja handa fram.