Det
Det som før var ingenting,
er no det som alt kviler på.
Det som før var det som alt kviler på,
er no ei gul badeand.
Det som før var ei gul badeand,
er no noko som er i ro medan det går framover.
Det som før var i ro medan det gjekk framover,
er no ei sky du kan lukka auga inni.
Det som før var ei sky du kunne lukka auga inni,
er no det du ser inne i framtida som kjem mot deg,
og som sakte forsvinn for til slutt å vera heilt borte når det kjem nært.
Det som før var det du såg inne i framtida som kom mot deg,
og som sakte forsvann for til slutt å vera heilt borte då det kom nært,
er no ein maur som løftar den eine foten.
Det som før var ein maur som løfta den eine foten,
er no det som er verken hugsa eller gløymt.
Det som før var verken hugsa eller gløymt,
er no rommet som ikkje erfarer lyset.