Eg er
Eg er støvet på hovudet ditt som kjenner til alt som er å kjenna til.
Eg er det gløymde og mauren si vandring.
Eg er vitskapen sin lengt etter det uforklårlege.
Eg er frøet si visse om døden.
Eg er tidspunktet då nokon får augekontakt med ei fluge.
Eg er mørket som fyller alt og alle.
Eg er skogen som veks inni deg, som til slutt fyller deg, og ein morgon kjem han ut av deg for å sjå deg frå utsida.
Eg er alt som hender medan du blunkar.
Eg er det umoglege.
Eg er betydninga av det uvesentlege.
Eg er den nøye planlagde reisa til slumpen sitt sentrum.
Eg er det ein ser gjennom vengen på ei daud fluge.
Eg er to ballongar som gøymer seg i ein skog.
Eg er det som festar seg under føtene dine når du går inn i framtida.
Eg er fantasien som må til for å finna ut noko om det verkelege.