”Kan du tenkje deg å gi meg eit hår frå hovudet ditt?”

Eg arbeider med eit kunstprosjekt der eg samlar inn hår. Innsamlinga starta 25. mars 2009, og vil vare i minimum 3 år. Eg ynskjer berre eitt hår frå hovudet til kvar person. Alle som vil kan gi eitt hår til prosjektet. Det er viktig at alle som gir eit hår, gir det av egen fri vilje. Eg vil og at du sjølv nappar ut det håret du vil gi meg. Håra vil bli vist i ein eller fleire utstillingar. I tillegg vil eg utføre performancer og produsere bøker som har tilknyting til prosjektet. Korleis det endelege resultatet vil bli er ikkje avklart. Eg vil ta godt vare på dei innsamla håra. Dersom du ynskjer å vere anonym og gi eit hår er det heilt ok. Dersom du ynskjer gi eit hår, og samstundes gi meg litt informasjonen er det enno betre:

Namn:
Fødselsår:
Fødestad, land:
Dato då håret vart fjerna frå hovudet ditt:
Stad, land du var då håret vart fjerna:


Denne informasjonen vil eg nytta i prosjektet, men på eit vis der det er uråd å knytte ditt hår til din informasjonen. I fyrste omgang vil denne informasjonen bli lagt ut på mi heimeside www.zeth.no. Eg er svært takksam om du ynskjer gi eitt hår til dette prosjektet. Dersom du i tillegg vil bringe hendvendinga vidare til dine nære og fjerne venner vil det vere til stor hjelp. Dei er igjen sjølvsagt velkomen til å la invitasjonen vandre vidare. Jo lenger bort frå meg invitasjonen reiser, jo betre er det. Om du sjølv ynskjer samle inn hår frå dine vener er du sjølvsagt velkomen til å sende mange hår og informasjon i eit brev.

Du kan finne ulike oversettingar av dette brevet på mi heimeside www.zeth.no. Har du spørsmål, eller om du ynskje ei anna oversetting av teksten enn du finn der, send ein mail til kurt@zeth.no. Dersom du i tillegg vil gi meg di e-mailadresse vil du få informasjon om utviklinga av prosjektet. Du vil og finne informasjon om utviklinga av prosjektet på www.zeth.no

Postadressa for innsending er:
Kurt Johannessen
Nyhavnsbakken 3
5042 Bergen
Norway

Venleg helsing
Kurt Johannessen