KARTPOSISJON A4

Ein er jo i tvil. Tvilen er der. Han fylgjer oss alle uavlateleg som ein skugge. Uansett kva situasjon ein er i, kan ein ikkje vera heilt sikker på noko som helst. Dette gjeld alt, og ikkje minst gjeld det det uunngåelege: at vi rett som det er må velja. Vi må ta ufatteleg mange val. Vi må velja mellom to eller fleire alternative framtidssituasjonar. Denne kombinasjonen av at ikkje noko er sikkert, og at vi uavbrote er tvinga ut i situasjonar der vi må ta alle desse vala, er katastrofal. Det er blodig urettferdig og gjev inga meining. At universet skulle vera skrudd saman på eit slikt vis at det meste som eksisterer, må møta kvardagen som neglebitande vrak, kan ikkje vera anna enn ein alvorleg konstruksjonsfeil. Eg skulle gjerne hatt eit alvorsord med dei som står bak heile opplegget. Kva tenkte dei? Om dei i det heile tatt tenkte. OK, det er ein del fysiske og biologiske aspekt som har sine gode sider, men sånn konseptuelt og filosofisk er jo heile opplegget på viddene. Det er som om dei berre kjørte i veg – «La oss laga eit univers!», «Ja, kjempeidé!» – utan å tenkja på innhaldet i det heile tatt. Kva skal det handla om? Kva er plottet? Herregud, seier eg. Er det mogleg? Dei kan ikkje på noko vis vera kvalifiserte for denne oppgåva. Kven har tilsett dei? Kva prosedyrar er nytta under tilsetjingsprosessen? Her er det tydelegvis ikkje mykje kvalitetssikring. Det luktar korrupsjon, spør du meg. Vel, vel. Røynda blir den same for meg uansett, eg må til sjuande og sist ta eit val. Det blir uunngåeleg. Ei endring tvingar seg fram, og tvilen må vika for endringa. Det er som om eg seier inni meg: «Halda fast, halda fast, halda fast ... halda fast, halda fast ... sleppa taket.» På eitt eller anna tidspunkt må ein berre sleppa taket. Det seier seg sjølv. Det er ingen veg utanom. Etterpå lurer ein på om tidspunktet for «å sleppa taket» er rett. Det er eit rimeleg spørsmål. Skulle eg ha gjort det tidlegare? Seinare? Dette er vanskelege spørsmål som forfylgjer oss alle. Vi er i konstant tvil om alt, og etter som tida går, blir det berre meir og meir å tvila på. Ei stor bør med tvil og ingen svar. Uansett, eg hadde lagt merke til dei der brune greiene der nede som hadde dukka opp rett før eg sleppte taket. Det hadde ikkje noka god utstråling, så det var nok lurt å unngå å landa der. Etter litt tvil bestemte eg meg for å prøva å ikkje landa midt oppå det der brune. Her må eg påpeika at eg sjølvsagt ikkje
var sikker på om avgjerda var rett. På den andre sida ville risikoen for å treffa det der brune vera minimal om eg hadde bestemt meg for å prøva å landa der. Det var med andre ord ikkje den dramatiske avgjerda. Slepp, sa eg i alle fall inni meg, og eg var i gang. Det kjendest på underleg vis ut som om nokon dytta meg då eg sleppte. Det var merkeleg. Var det ikkje eg som bestemte meg for å sleppa taket? Blei eg dytta? Styrer eg ikkje avgjerdene mine når eg trur eg gjer det? Her dukka det opp litt fleire spørsmål enn eg likte. Eg var rett nok ikkje komen langt før
ulydar og dårlege vibrasjonar angreip meg. Eg er ikkje sikker på kor dei kom frå, men eg kunne godt vore det forutan. Like etter kom det noko brunt i ein vanvittig fart nedover. Det kunne ha blitt ein stygg kollisjon, men eg slapp med skrekken. Det heile førte til at eg mista konsentrasjonen om å prøva å ikkje landa i det usympatiske brune der nede. Eg mista kontrollen over heile ferda mi. Det var som om eg var styrt av krefter utanfor meg. Krefter eg ikkje kjenner til. Krefter som eg ikkje visste eksisterte. Krefter som styrte meg inn i framtida. Krefter uavhengig av tvil. Krefter som berre dukkar opp og påverkar hendinga. Som om nokon sa «No skal du denne vegen. Kom skal eg visa deg», og eg berre kom, utan å tenkja eller tvila. Eg berre kom. Eg anar ikkje om undergjevinga for desse kreftene førte til eit godt eller dårleg val. Dei berre kom og førte meg inn i framtida, og det kjendest ok. Nesten litt overnaturleg. Eg landa ikkje i det brune usympatiske, men det var ikkje langt unna. I tillegg hadde eg eit hol i meg då eg landa. Ikkje spør meg kor det kom frå, men det var der, og det gav meg ei god kjensle.

 

KARTPOSISJON B13

Var det nokon som nemnde most duehjerne? Jo da, eg er med på det. Duehjerne er ei fin utfordring som svært få av mitt kaliber får oppleva. Eg kjenner eigentleg ingen, når eg tenkjer meg om. Derimot har eg høyrt om menneskehjerne. Det går mange historier om menneskehjernen. No kjenner eg personleg ingen som uhemma og uforstyrra har fått bada i menneskehjerne. Eg vankar ikkje i slike miljø, men historiene er fantastiske. Dei er nesten for utrulege til å vera sanne. Dei som har vore så heldige, har vore i eitt med noko utruleg vakkert og innsiktsfullt, med energistraumar og varme som omsluttar ein på eit vis som er bortanfor alt. Det liknar visst ingenting av det ein har erfart tidlegare. Dei som har opplevd det, har vanskeleg for å uttrykkja seg om opplevinga. Uansett om dei kunne ha sett ord på det, ville det ha vore umogleg for oss som ikkje har opplevd det, å førestella oss korleis det eigentleg var. Ord strekk ikkje til. No er det i tillegg så godt som fysisk umogleg for vårt kaliber å få innpass i denne vakre verda. Ho skal visst vera omringa av eit skjold som vi ikkje kan trengja gjennom, men eg har òg høyrt at skjoldet har eit svakt punkt. Nemleg i botnen av ei hole som det kjem underlege lydar frå nattestid. I teorien skal det vera mogleg. Det er med andre ord lov å drøyma, om ikkje dei underlege lydane skulle halda ein vaken. Dette gjeld sjølvsagt ikkje meg, men søskena mine derimot, kanskje, kanskje. Hendinga er over for meg, og eg fekk ikkje oppleva den nemnde ultimate situasjonen. Det blei ikkje eingong snakk om ein mindre hjernevariant, sjølv om eg var nær, som alle veit. Mange vil nok påstå at hendinga gav meg ein komisk og patetisk skjebne, men slikt seier berre dei som ikkje har vore involvert. Ser ein på hendinga frå utsida, kan ein nemleg ikkje røra ved kjernen. Det ein då finn, er utan verdi og kan ikkje nyttast til noko anna enn ei overflatisk betraktning av det heile, slik dette analyseprosjektet
står fram. Ei overflatisk undersøking tettpakka med fragmentert visvas som har ingenting med røynda å gjera. Maken, og dette vil du at eg skal vera ein del av! Du får no berre ta meg med, om det kan gleda deg. Du er på viddene, det vil eg berre ha sagt. Ein må sjølvsagt inn i hendinga, vera ein del av handlinga, sjå det frå innsida. Då vil ein kunna sjå kva som eigentleg gjekk føre seg. Då oppdagar ein blant anna at mi noverande fysiske plassering er unik og full av potensial som eit kva som helst anna utfall av hendinga ikkje kunne ha framkalla. Ting kunne ikkje ha enda betre for meg. Dette er på høgd med most menneskehjerne.


KARTPOSISJON C2


No er ikkje eg heil lenger. Eg er oppdelt. Du må sjå på meg som oppdelt av det eg ein gong var, utan den totale heilskaplege forma som eg er kjend for. Du kan tiltala meg som det eg var. Mange gjer det. Likevel, det er viktig å understreka at eg er ein del av mitt heile. Greitt nok. Mange trur nok at det å vera ein liten del av det ein ein gong var, er ein stor nedtur. Det er det absolutt ikkje, berre for å avkrefta det ein gong for alle. Eg får jo berre eit nytt perspektiv på det heile. Endring er ok. Det betyr jo ikkje at det andre eg var ein del av, nødvendigvis er samd i alt eg legg fram her, men vi er nok ikkje ueinige om så mykje. Vi har jo trass alt same erfaringsgrunnlaget, og vi er i slekt så det held. Dei utanforståande som observerte hendinga, tykkjer nok at det gjekk på trynet med meg. Ein kan godt seia at det gjekk på trynet, det gjorde jo det. Det gjekk skikkeleg på trynet, men det var skikkeleg på trynet med stil, veldig fin stil. Tjue, tjue, tjue, tjue. Eg meiner, kva er alternativet? Når ein skal sjå på ei hending, vurdera kvaliteten på hendinga og endringane ein har vore gjennom, må ein alltid spørja etter alternativet. Kva er den alternative hendinga? Kor mange alternative hendingsgangar har vi å rutta med? I mitt tilfelle eigentleg berre éin. Alternativet er eit keisamt kaffislabberas der skvalderet er så tett og meiningslaust at ein knapt kan anda. Det går mange historier om dei aktivitetane. Hjelp meg å døy fort, seier eg berre. Det er jo mange som må gjennom både ein og to slike før dei kan deformerast. Er det rart senilitet er eit alvorleg problem for dei av oss som kjem litt opp i alder? Så eit elegant stup er ikkje noko å forakta. Eit elegant stup som forfjamsar noko kurrande. Eit elegant stup som skremmer livskiten ut av noko pirande lite som rører seg litt for fort. Eit elegant stup som endar i eit imitert fyrverkeri. Eg kan ikkje seia at eg har noko å klaga på. Det trur eg faktisk dei fleste av meg også meiner, når dei får tenkt seg om.


KARTPOSISJON I13

Det er alltid hyggeleg å bli brukt. Det er betre enn å berre vera passivt til stades. Mykje av tida går jo med til å stå rett opp og ned og venta. Mange tykkjer det er gjevande i seg sjølv. Dei meiner at berre det å vera er høgverdig i seg sjølv, sidan vi har fått denne høgverdige oppgåva. Andre er svært opptatt av kva dei inneheld. Innhald er alt, seier dei, utan at dei maktar å sjå noko lenger enn det. Andre igjen er opptatt av at dei blir brukte mykje, og blir noko usmakelege av den grunn. Ja, det er mange haldningar blant oss. Eg er glad for at eg blir brukt jamt. Mange berre står der, som sagt. Andre blir nytta intenst for så å bli sette vekk og aldri bli tatt fram igjen. Det er tøft. Dei fleste av dei slit med tilværet etterpå. Det skjønar eg godt. Det er på mange vis verre enn å ikkje bli brukt i det heile. Det som gjev høgast status, er jo å bli brukt intenst i byrjinga, og så å bli nytta igjen og igjen i lang tid etterpå. Det er det optimale. Det kunne ikkje hendt meg. Om så var, måtte eg ha hamna i eit noko skrudd miljø. Innhaldsmessig er eg ikkje tenkt slik. Uansett, personleg er eg ikkje så opptatt av status, eg tykkjer det er meir viktig å delta, bidra der eg kan. Gjerne gjennom innhald, men ein skal ikkje sjå bort frå form. Relasjonane til form er lite verdsette no til dags. Form er ut. Nesten alle har eit overflatisk forhold til problemstillinga form. Når dei ser på form, vurderer dei berre det overflatiske ut frå eit estetisk synspunkt. Då endar dei opp med noko eindimensjonalt som ein ikkje kan nytta for å få ei djupare forståing for det mangslungne feltet form. Form er sjølvsagt viktig og fortener å bli tatt på alvor. Det er ikkje så mange som tenkjer på det, sidan innhaldet er så ettertrakta av så mange. Det er innhald og flittig bruk som gjev status, ikkje form. No har eg ikkje fått så mange oppdrag på grunn av forma mi, men eg set faktisk dei oppdraga høgast. Det gjev meg noko anna ann det eg allereie kjenner til. I ein kort
periode var eg blant anna involvert i eit herbariumprosjekt. Det var verkeleg gjevande. Eg blei nesten tatt i bruk for å skjula viktige papir, men mista jobben i siste augneblink. Oppdraget gjekk til ein annan. Eg må innrømma at eg blei litt sur med det same, men eg ser i ettertid at eg naturlegvis ikkje har høg nok tryggleiksklarering for eit så viktig oppdrag. Eg reiser mykje og kan bli brukt av mange, og det gjer meg lite eigna til eit oppdrag av den typen. Greitt nok. Elles kjenner eg nokon som har deltatt som støtte for ein projektor på ei større forelesing. Det er draumen sjølvsagt, men eg er nok for tjukk til det. Ein kan håpa. Når det gjeld denne konkrete saka, var det sjølvsagt ei stor oppleving, og går inn på topp tre av hendingar eg har vore ute for. Litt dumt med det der som kom inn i rommet og øydela den gode stemninga og den fine konsentrasjonen, eg skjønar ikkje heilt kva det hadde der å gjera. Det var ein alvorleg festbrems. Vi var mange som hadde eit hyggeleg lag, og så dukkar det opp noko som absolutt skal ha all merksemda. Dessutan stakk det jo berre av igjen med ein gong. Dust! Samværet løyste seg naturleg nok opp etterpå, ingen klarte heilt å ta opp igjen tråden. Maken til usakleg innlegg skal ein leita lenge etter. Om eg kan få koma med eit lite hjartesukk sånn på tampen: Ordninga med å stå så mykje, er ikkje gunstig for nokon av oss. Det er mykje betre om vi får liggja. Vi kan gjerne liggja oppå kvarandre, og det har ingenting å seia kor langt oppe eller nede vi ligg. Det er så slitsamt for ryggen å stå i ro så lenge, det bør kvar og ein skjøna. Fattar ikkje kvifor ein absolutt skal ha oss ståande. Eg kjenner fleire som ligg i stablar, og rapportane frå dei er eintydig positive. Alle undersøkingar vi har gjort med omsyn til denne problemstillinga, seier det same. Så om utanforståande kan arbeida litt med denne saka, er mange av oss svært takksame. Håper det ikkje blei for mange ord? Eg har ein del oppsamla, som du skjønar. Det blei ikkje for langt, blei det? Du kuttar ikkje ut det siste av den grunn, vel? Viktig å få det ut, veit du. Eg høyrer forresten at du har svært mange liggjande sjølv. Det er hyggeleg, men få dei for guds skuld ut av kassane. Det seier seg sjølv, halda dei innesperra på det viset! Det er barbarisk, barbarisk.