Utvalde sitat frå avhøyra


”Eg prøvde å seia det til han mange gonger - at her var vi midt i sentrum av alt. Det er jo her det hender. Vi er ute i verda. Vi er i verda.”

”Eg var alltid kritisk til ideen om at han skulle ta denne reisa, og eg hadde ei dårleg kjensle for heile opplegget. Frykteleg dårleg kjensle.”

Steinen som låg like ved

 

”Det var ikkje lett å finna ut korleis ein skulle gjera det då ein var barn. Stort sett var det uendeleg mykje mas om kva ein ikkje skulle gjera.”

Meitemarken som kolliderte med steinen

 

”Anar du kor vanskeleg det er å skru seg sjølv nedover i eit hylster utan hjelp, samstundes som ein er i fritt fall med fare for å mista både jobb, hus og eksistens? Det kan bli litt mykje å ta stilling til på frykteleg kort tid, sjølv for ein som er dedikert.”

Lippepomaden med tilsynelatande overnaturlege evner

 

”Har nokon peiling på kva vindstille inneber, eller på kva slags forarbeid som er gjort for å oppnå vindstille? Ein blir faktisk litt forbanna. Koma her og koma her, pinade!”

Luftpartikkelen som steinen råka fyrst

 

”No kjenner eg personleg ingen som uhemma og uforstyrra har fått bada i menneskehjerne.”

”Du er på viddene, det vil eg berre ha sagt. Ein må sjølvsagt inn i hendinga, vera ein del av handlinga, sjå det frå innsida. Då vil ein kunna sjå kva som eigentleg gjekk føre seg.”

Luftgeværkula som tenkte meir på most menneskehjerne enn på most duehjerne

 

”Brått blir ein invitert heim på middag til ein kamuflert øksemordar, og ein er i ein situasjon der ein ikkje kan seia nei, skjønar du? Litt den kjensla hadde eg, skjønar?”

Den gule legoklossen som låg under steinen som blei sparka

”Brått var eg organisert på eit anna vis. Eg merka det fyrst på dansinga. Det var ikkje så lett å dansa lenger.”

Fluga som ikkje lenger kan seie kva som er opp og kva som er ned

 

”Sutring tyder berre på at ein har for lite å gjera. Det er mange der ute som er misnøgde med jobben sin, dei slit sikkert på heimebane, og det meste av den fysiske situasjonen har endra seg i ei tilsynelatande lite oppmuntrande retning. Hallo, seier eg, kva så?”

Kattebæsjen som skvatt litt

 

”Det var som å vakna opp frå ein draum. Akvariefisk var det fyrste eg tenkte, utan at det gav meining. Akvariefisk?”

Kikkertsiktet som var overkvalifisert

 

”Som om eg berre er ei hjernedød brikke i eit stort spel. Eg burde ha starta ei injuriesak mot dei som står bak sånne uetiske påstandar. Ein skulle tru at dei som set fram slike påstandar, har personleg erfaring med kva det vil seia å vera hjernedød.”

”Om noko utanfor meg er årsaka til handlingane mine? Eg veit ikkje om du sjølv høyrer kor dumt det verkar. Ja, sei pip, så dansar eg. For ein tanke. Kor tar du det frå?”

Peikefingeren som dytta til sjokolademuffins 1

 

”Nei, gje meg ein mjuk skammel i kuskinn og omslaget på ei god bok.”

Sokken som har hatt det betre tidlegare

 

”Om hendinga hadde hatt ein alvorlegare tone, trur eg ikkje det finst nokon i nærleiken med dei kvalitetane som skal til for å konspirera, sjølv om dei kanskje trur det sjølv.”

Håra under kapsen som fekk seg ei overrasking

 

”Eg blei nesten tatt i bruk for å skjula viktige papir, men mista jobben i siste augneblink. Oppdraget gjekk til ein annan. Eg må innrømma at eg blei litt sur med det same, men eg ser i ettertid at eg naturlegvis ikkje har høg nok tryggleiksklarering for eit så viktig oppdrag.”

”Elles kjenner eg nokon som har deltatt som støtte for ein projektor på ei større forelesing. Det er draumen sjølvsagt, men eg er nok for tjukk til det.”

”Vi kan gjerne liggja oppå kvarandre, og det har ingenting å seia kor langt oppe eller nede vi ligg. Det er så slitsamt for ryggen å stå i ro så lenge, det bør kvar og ein skjøna.”

Den engelske ordboka

 

”Ein skulle tru at det tar tid å førebu slikt, men så viser det seg at det hender innanfor eit særdeles kort tidsintervall og med ein presisjon ein skulle tru berre utanomjordiske vesen kan stå for.”

Vindaugsopninga som steinen passerte

 

”Eg går gjerne inn i ein diskusjon, men då må kritikken ha relevans og koma frå ein som har føresetnad for å skjøna kva debatten handlar om. Det som har kome fram i diskusjonen om hendinga, blir for sentimentalt og usakleg, og er ei total avsporing frå kjernespørsmåla.”

”Det er ikkje så mykje å lære av hendinga heller. Kanskje for andre, men eg tviler på det òg.”

Dua som luftgeværkula ikkje råka

 

”Noko meir talentlaust skal ein leita lenge etter. Det er høgst kritikkverdig. Her arbeider ein med ein kompleks operasjon med mange involverte. Så opplever ein at dei siste små detaljane, dei som på alle vis krev den enklaste arbeidsoperasjonen, kjem på plass på eit så klossete og likegyldig vis at ein ikkje skulle tru det var mogleg.”

”Vi er faktisk ganske mange rundt om som utfører kvalitative operasjonar på relativt høgt nivå. Då hadde det vore hyggeleg om vi som står midt oppi viktige eksistensielle problemstillingar, ikkje treng å hamna i totalt uakseptable situasjonar som den vi her var vitne til.”

”Amatørar, amatørar heile jævla gjengen!”

Sjokolademuffins 1