Til liks med mange andre bøker er dette ei bok som kan lesast på
mange vis. Boka er basert på ei lita hending som varte om lag tre
sekund. 44 involverte i hendinga er avhøyrde. På bakgrunn
av avhøyra er det utarbeidd nokre konklusjonar.
I desse konklusjonane er det gått djupare inn i materien for blant
anna å prøva å avdekkja kva som eigentleg hende, og
kva som var motiv for hendinga. I tillegg til dei to kapitla, inneheld
boka eit kart. Avhøyra refererer til kartposisjonar på kartet,
og her kan du finna kven som blir avhøyrt. Det er opp til deg å
avgjera i kor stor grad du vil sjå på kartet medan du les
kapitlet med avhøyra. Lykke til.