Og O

Ho opna auga

og ho tok fram to grøne eple

og det eine eplet kom frå det eine auget

og det andre eplet kom frå det andre auget

og det eine eplet var ganske forvirra og lurte på kva dette var for ein stad

og det andre eplet smilte og lo og visste akkurat kva dette var for ein stad

og auga såg på epla

og epla såg på auga

og desse epla har me sett før sa det eine auget til det andre auget og blunka

og desse epla har me sett før sa det andre auget til det fyrste auget og blunka tilbake

og desse auga har me sett før sa det eine eplet til det andre eplet

og desse auga har me sett før sa det andre eplet til det fyrste eplet og lo endå meir

og det eine eplet låg i den eine handa

og det andre eplet låg i den andre handa

og desse epla vil eg smaka sa munnen

og munnen opna seg

og det eine eplet tenkte at eg kan trilla

og det fall ned

og landa på ein stein

og gjekk inn i ein stein

og blei ein stein inni ein stein

og steinen vakna

...