”Steinen”
Steinafjellet


Arbeidsdagbok

Tur 1
2. august
Undersøkingar av Steinafjellet.
Noko konkret område vart ikkje vald,
Men meir for å gjere seg kjend.
Torill var med.


Tur 2
29. august
Eg bar opp ei bør med materialar.
Turen opp tok over to timer.
Området til ”Steinen” vart funne.
Fyrste del av forarbeidet var i gang.


Tur 3
30. august
Meir materialar kom på plass.
Ytterlegare forarbeid vart utførd.

Tur 4
2. september
Enn omeir materialar kom på plass.
Forkonstruksjonen er no nesten klar.
Torill var med på turen.

Tur 5
3. september
Forkonstruksjonen er no ferdigstilt.
Klargjering for test utføres.
Arbeidet med ”Steinen” er i gang.
Eg drar ned til Hamlagrø for å hente ytterlegare utstyr,
Slik at eg kan gjennomføre testen seinare på dagen.


Tur 6
3. september
Eg drar opp igjen etter ein vel times pause for å avslutte testen.
Testen blir vellukka etter lit prøving og feiling.
Arbeidet kan starte.
Det viser seg fort at arbeidet er meir tidkrevjande enn fyrst anteke.
Retur frå steinafjellet kl 21.15 med lommelykt.

Tur 7
4. september
Avgang kl. 08.15 og framme ved ”Steinen” kl. 09.25.
Ein hel dag på området.
Arbeidet startar fint, men går litt tregare utover dagen.
Likevel, det går framover,
Sjølv om ein er berre ein brøkdel på veg.


Tur 8
12. september
Rask tur opp og ned
Forbererande arbeid for neste dag vart utførd.

Tur 9
13. september
Oppe ved ”Steinen” kl 11.
Arbeidet fortsett
Torill og Paul kjem opp litt seinare og hjelper til.
Til slutt klargjer vi for ein god arbeidsdag neste dag.


Tur 10
14. september
Vi er oppe litt over 11.
Vêret er fantastisk.
Arbeidet går godt.
Torill og Paul drar ned litt før meg
Når dagen er omme, er vi over halveges.



Tur 11
15. september
Turen startar kl 0845
Arbeidet går stort sett greitt
Litt raskare enn antatt
Men noko av førebuingane var ikkje gode nok
Det ser ut som eg treng berre 2-3 arbeidsdagar til
Alt etter korleis arbeidet går i morgon
Fint ver, men det byrjar bli kaldt ut på dagen
Nede på Hamlagrø kl 1930

Tur 12
16. september
Turen startar kl 0830
Arbeidet går fint og raskt.
Mykje meir arbeid enn eg hadde trudd blir utførd.
Når dagen er omme ser det ut som det berre
er eit par arbeidsdagar att før ”Steinen” er klar.


Tur 13
29. september
Eg drar opp på ettermiddagen for å klargjere for neste dag.
Det regnar på vegen
Det viser seg att konstruksjonen over ”Steinen” har blåst ned.
Eg utførar berre midlartidige reperasjonar,
Før eg dreg ned igjen.


Tur 14
30. september
Veret er betre i dag
Ida er med opp for å hjelpe til med reperasjonen.
Det går greitt og konstruksjonen er på plass etter ei tid.
Så begynner det å regne.
Det var godt å få ting på plass før regnet kom.
Heldigvis har ikkje ”Steinen” tatt skade,
slik at eg kan gjere ting klart for ein god arbeidsdag neste dag.
Ida drar ned litt før meg.

Tur 15
1. oktober
Turen startar kl. 08.45
Det blir ein fin dag,
Men litt kaldt når sola forsvinn bak skyene.
Arbeidsforholda er fine.
Ida kjem opp litt seinare og hjelper til.
Heile arbeidet er klart kl. 14.00
”Steine” er klar.
Dei omkringliggande konstruksjonane
Vil bli ståande til like før opninga.


Tur 16

3. oktober
Turen startar kl. 15.30
Torill er med opp.
Vi tar ned konstruksjonen omkring ”Steinen”.
Pakkar saman og tar alt ned til Hamlagrø.
”Steinen” ligg no fritt i landskapet.
Vi er nede på Hamlagrø kl. 19.15.


Tur 17
4. oktober
Turen startar kl 12.15
Rita, Odin, Torill og Are er med.
Tre generasjonar av familien Seim startar litt tidlegare.
Det har snøa litt om natta,
Og lenger opp ligg det eit tynt lag snø.
Litt snø og blåst siste delen av turen,
men då vi kom opp kom sola gjennom
Champagne vart opna, og litt etter kom det 2 familiar til
som skulle opp å sjå på ”Steinen”
Bjarte Eidsnes hadde sett ”Steinen” dagen før og fekk alle med seg på tur.
Den offisielle opninga vart utsett til dagen etter
då det såg ut som veret skulle bli betre.
Det vart tvert om.
Det snøa slik att det var uråd for nokon å kome seg til Hamlagrø.