Forord
Utvalde


Denne boka inneheld tekstar frå 25 bøker frå perioden 1985–2009. Mange av tekstane har ein annan visuell presentasjon i originalbøkene. Nokre var skrivne for hand og fletta seg inn i teikningar. Andre var sette saman med fargar eller andre illustrasjonar, medan andre igjen vandra gjennom boka. Når eg her tar bort det originale visuelle grepet, mistar sjølvsagt tekstane noko, men ved å presentera eit utval langs tidslinja finn ein kanskje noko anna. Tekstar frå fire av bøkene er tidlegare berre utgjevne på engelsk, og dei er i dette høvet omsette til norsk.

For eit par år sidan las eg om att dei fyrste tekstbaserte bøkene eg laga, og tenkte at det er jo akkurat slik eg skriv no. Tanken skremde meg litt fyrst. Har det ikkje skjedd noko på alle desse åra? Står eg og stampar i det same no som for 25 år sidan? Etter at sjokket hadde lagt seg litt, skjøna eg at situasjonen var litt meir nyansert enn det fyrst kjendest. Det var litt som om eg stod og stampa i det same samstundes som eg stod ein annan stad, eller for å vere endå litt meir presis så stampar eg fleire stader samstundes som eg heile tida stampar på den staden der eg stampa fyrst. Ei form for synkronstamping som går føre seg til ulike tider samstundes. Det høyrest sjølvsagt ikkje særleg synkront ut, men det er det. Det er det same og ikkje det same på same tid, til ulike tider.

På same vis som eg kan seia at tekstane frå dei to fyrste bøkene frå 1985 har påverka vidare tekstarbeid, har boka «Fotball med meir» påverka mykje av arbeidet etter 2005. «Fotball med meir» var som ei «opp ned»-bok samanlikna med tidlegare arbeid. Boka var ikkje ein leit etter nokre få setningar som viser eit nytt bilde, her fekk alle detaljar vera med, viktige og uviktige. Det dukka opp ein kompleksitet som er synleg og skjult samstundes.

I alle høve tenkte eg det kunne vera fint å presentera nokre av tekstane kronologisk. Arbeidet med tekstane går langs denne tidslinja og heng ofte saman på ulike vis, men blir fysisk skilde når dei hamnar i ulike bøker. Her møtest dei igjen.