Skissebok 1984-2010
Forord
Skissebøkene har vore med meg sidan 1983. Dei er kanskje det viktigaste arbeidsrommet eg har. Møtet med skisseboka er det fyrste steget inn i ulike kunstarbeid. Skisseboka er det fysiske landingspunktet for ideane, ei tynn hinne mellom meg og det ferdige verket.
I byrjinga visste eg ikkje heilt korleis eg skulle nytta skisseboka, men arbeidsmetoden viste seg relativt raskt. Det vil seia, det var eigentleg ingen arbeidsmetode, for alt var lov. Alt var skisser i eit ope rom. Sensur og kritikk i skisseaugneblinken var uaktuelt. Eg kunne kasta bort ei heil bok med skisser som ikkje førte til noko ferdige kunstverk, om det måtte til. Prosessen var verdifull uansett, og slik er det framleis. I det sensurlause er alt velkome.
Mykje av det som kjem mot ein, skjønar ein kanskje ikkje så mykje av idet det landar, men det er, og med tida kan ein sjå på det med andre auge. Kanskje kjennest det bra ut og får vera med vidare og bli til noko meir. Kanskje må det modnast lenge før det finn si endelege form, eller kanskje blir det berre verande som ei skisse i skisseboka.
Det å ikkje vita i kombinasjon med det å tillata seg sjølv å skissera ned kva som helst, er på mange vis grunnlaget for at skisseboka skal kunne vera til nytte. Kontroll, sensur og forståing er naturlege prosessar som må finna seg i å stilla seg i kø, sitja stille og venta til dei blir kalla inn. Teikningane får med dette sin eigen teiknetekniske stil, eller for å bruka andre ord: Alt teikneteknisk er stort sett ikkje tenkt noko særleg gjennom i teikneaugneblinken. Berre det er leseleg på eit seinare tidspunkt, er alt vel. Uansett er denne teiknemetoden ein kvalitet i seg sjølv. Teikningane prøver ikkje å vera noko anna enn det dei er.
Denne boka inneheld utvalde sider frå skissebøkene. Nokre skisser er førte vidare til kunstverk som performancar, bøker, installasjonar eller anna. Dei realiserte arbeida er presenterte bakarst i denne boka. Det er eit samband mellom skissene og dei kunstverka dei førte fram til. Andre skisser har slektskap til arbeid som er blitt verkelege, og har vore viktige i den prosessen. Andre igjen er med fordi dei hadde nokre kvalitetar som kjendest gode i denne samanhengen. Nokre få er skisser til verk som enno ikkje er realiserte, men som kanskje snart vil bli realiserte.
Ein av grunnane til at skisseboka er og har vore viktig for meg, er dei erfaringane eg har gjort gjennom arbeidet med performance. Gjennom performance har eg lært å setja pris på verbet meir enn på substantivet, på rørsle meir enn på stillstand. Her ser de eit utval av den rørsla eg har vore i gjennom 27 år.
Kurt Johannessen juni 2011.
Skisser frå boka