Andre andre øvingar


Hald hardt om eit frø, medan du fører handa sakte i bane rundt hovudet ditt.

Løft ein stein som er tyngre enn det du kan løfta.

Finn ein stein som er om lag like stor som handa di.
Sprett opp puta di. Legg nokre av fjørene på steinen.
Surr ein kvit tråd rundt slik at fjørene festar seg til steinen.
Hald fram med dette til alle fjørene frå puta er festa til steinen.

Finn fram ein liten, svart boks ein dag sola står høgt på himmelen.
Opn boksen slik at solstrålane treffer inni han.
Lukk boksen. Ta med deg boksen og køyr gjennom ein tunell.
Opn boksen når du er ute på den andre sida av fjellet.

Lag ein rotete og meiningslaus plan. Realiser planen.

Kjøp eit glas med jordbærsyltetøy.
Opn glaset og et ei stor skei med syltetøy.
Kviskr så ein løyndom ned i syltetøyglaset.
Inviter ein venn til frukost neste dag.

Modeller ein fisk i leire.
Ta mange betongavstøypingar av fisken.
Ta alle betongfiskane med på ein rotur.

Set ei blomsterpotte med jord i vindaugskarmen din.
Grav ned ein liten globus. Gi han godt med vatn og sollys.

Hald munnen din ned mot ei lita skål med vatn.
La leppene dine så vidt røra vatnet.
Kast vatnet ut i havet.

Teikn ein fugl på eit ark.
Pakk teikninga rundt ein stein.
Kast steinen så langt du maktar.

Finn fram det uforklårlege og legg det i handa di. Lukk auga.

Tenk at alt som hender, eigentleg er poesi.
Poetiske manifestasjonar du ikkje har fått med deg på grunn av all den praktiske organiseringa av livet.
Sosiale, biologiske, fysiske og åndelege forklåringar har vore det som stort sett har vist seg,
då du heile tida har søkt forklåringar.
Opn så auga.