Og steinen og fjellet og



Det som er så hardt at berre det skjøraste kan gå inn i det.

 

Inni fjellet var det ein stein.

Den nesten gløymde dagen lista seg forbi utan at nokon la merke til det.

Bamsemumsen trudde ikkje sine eigne auge.

Bukselomma opna seg slik at solstrålen kunne koma heilt ned til botnen.

Akkurat då eplesteinen var komen ut i lyset, fall han ned mellom dei to sofaputene.

Steinen hadde akkurat sleppt taket i handa hennar og late seg falla mot bakken.

Dagen etter var havet borte. Fluga blei veldig overraska.

Det viste seg at guden ikkje kjende nokon prestar, munkar, imamar eller andre religiøse personar.
Han skjøna heller ikkje heilt kva dei dreiv med, sjølv om han fekk det forklåra.
Same kor godt ein prøvde å forklåra kva dei religiøse leiarane dreiv med,
kunne han ikkje fatta at det hadde noko med han å gjera.

Fyrstikka var så nervøs for at ho ikkje skulle ta fyr, at ho tissa på seg.

Steinen hadde nyleg hatt ein nær livet-oppleving.