Andre andre andre øvingar


Sjå opp på månen ei natt.
Tenk på at månen reiser rundt jorda,
og at jorda drar månen til seg med gravitasjonskrafta si.
Hugs at du er ein liten del av den gravitasjonskrafta.

Inviter ein god venn og ein stor stein til kake og kaffi.
Bak ei kake. Dekk på bordet.
Start kaffitraktaren når det bankar på døra.

Hopp så høgt opp du kan.
Tenk at du ikkje er den som hoppar opp, men at du er hoppet.
Om du landar, tenk at du ikkje er den som landar, men at du er landinga.

Ta på deg eit belte med ein revolver og ein cowboyhatt.
Ta med deg eit ekstra belte med revolver og gå til eit tre.
Fest beltet med revolveren rundt treet.
Skritt opp 30 steg frå treet. Snu deg rundt.

Løft opp ein stein frå bakken.
Hald han i handa di ei lita stund før du lar han falle mot bakken.

Finn eit fotografi av universet med stjerner og galaksar.
Krøll det saman til ein liten ball.

Ein dag det regnar fyll ti flasker med vatn.
Set dei alle i vindaugskarmen.

Gå på vitjing til ein snømann.
Ikkje bli skuffa om du ikkje blir tilbydd kaffi eller noko anna.

Stå oppreist.
Tenk at du er i rommet mellom det å sjå bakover i håp om å finna noko du kan forklåra,
og det å sjå framover i håp om å finna noko du ikkje kan forklåra.