Og steinen og frøet og

Eit frø som kviler ved sida av ein stein.

Det uendelege sleit med byrjinga.
Det var i grunnen ikkje så rart. Byrjinga skjøna straks at dette ville gå gale.
Ho hadde tidlegare vore med på mange velfungerande byrjingar i mange tidsavgrensa prosjekt,
så ho hadde den røynsla og kunnskapen som skulle til for å starta opp kva som helst.
Likevel såg dette ikkje bra ut. Byrjinga skjøna at det ikkje var mykje ho kunne gjera med det.
Sant nok hadde ho ikkje vore med på noko så stort før,
men ho hadde alltid fått gjennomført byrjinga slik ho meinte byrjinga skulle vera.
No var det altfor mykje overstyring frå det uendelege si side.
Det var tydeleg at det uendelege hadde gitt seg i kast med eit fullstendig urealistisk prosjekt
og var ganske nervøs for det heile.
Ein ting er å ha ein tilsynelatande god idé og mengder av teoretiske utgreiingar omkring prosjektet.
Det er noko heilt anna er å gjera ideane verkelege.

Planen prøvde lenge å få til eit møte med det tilfeldige.
Det tilfeldige hadde like lenge prøvd å vri seg unna.
Det tilfeldige såg ikkje heilt vitsen med eit slikt møte og vrei seg unna så godt det kunne.

To døde fluger tek seg ein mykje etterlengta helikoptertur.

Det vart sjølvsagt ein del venting for treet.

Isbreen byrja å dra på åra.

Det gjekk ikkje slik han trudde det skulle då han la planane.
Eigentleg hadde han ikkje trudd det skulle gå som han hadde planlagt,
men han hadde ikkje trudd at det ikkje skulle gå etter planen slik det ikkje gjekk etter planen.
Han hadde trudd at det ikkje skulle gå etter planen på eit anna vis.
Det var for så vidt planen.

Det er fordelar og ulemper ved å invitera store steinar på kaffi og sjokoladekake,
noko det er uråd å skjøna før ein står midt oppi det.

Mauren tenkte seg ikkje om i det heile tatt,
han berre stampa den eine foten i bakken med all kraft.

Snøkornet fall og fall og fall og fall og lurte på om det skulle bli ein isbre,
men skjøna at det ville krevja frykteleg lang tid, uhorveleg mykje planlegging og ubeskriveleg mykje arbeid,
så det slo det frå seg like før det landa.