Og fjellet og frøet og

Lommerusket fekk brått veldig mykje merksemd,
og var noko usikker på korleis det skulle takla denne nye situasjonen.



Alle steinane fekk nok av den der evige tytinga om utsikt meg her og utsikt meg der,
så dei bestemte seg for å dra ned til foten av fjellet for å få litt fred og ro.

Fuglen sette seg på hovudet til flodhesten.
Fluga sette seg på hovudet til fuglen.
Eg trur eg tar meg ein liten flugedans, tenkte fluga.
Eg trur eg tar meg ein liten fugledans, tenkte fuglen.
Eg trur eg tar meg ein liten flodhestdans, tenkte flodhesten.




Tunell, sa du tunell? Ja, det er nok det som må til, sa legen.
Eg trudde lenge eg kunne skriva ut ein resept, gi deg ein venskapleg klapp på knausen og ynskja deg god helg,
men eg må diverre leggja deg inn med ein gong og starta operasjonen i morgon tidleg.
Fjellet tok det tungt og sokk litt lenger ned i stolen.




Det gjekk litt over styr då alle trea i skogen ville ta del i dansen.




Elefanten forstod alltid det dyrepassaren fortalde.
Dyrepassaren forstod ikkje at elefanten alltid forstod det dyrepassaren fortalde.




Treet meinte det var treet som lente seg mot fjellet.
Fjellet på si side meinte det var fjellet som lente seg mot treet.




Han hadde denne kjensla av at han var forfølgd av eit tre,
men skna at det nok berre var gravitasjonskrafta som spela han eit puss igjen.




Fjellet på si side vart lukkeleg overraska over å bli kalla fjell.
Ingen hadde sett på fjellet som fjell tidlegare.
Det var meir blitt sett på som ein stein som hadde forvilla seg inn i ein skog.




Det viste seg at fridom berre kunne visa seg i det ufullenda.