Og steinen og treet og


Nokon slo på lyset. Ingen såg kven det var, men mange meinte likevel at dei visste kven det var.
Dei kom med allslags ville teoriar og påstandar om kven som slo på lyset, kvifor lyset var slått på,
og korleis lyset var slått på. Det vart eit himlande styr.

Fluga surra og surra og surra før ho til slutt sette seg på steinen.
Det hadde vore ein veldig rotete dag. Veldig mykje rotete surring.
Langt frå den presise og målmedvitne surringa ho var kjend for.

Den vesle augneblinken rota det heile til
då han snudde seg for å sjå kva som nettopp hende.

Det er nok ingen ting å gjera med det no, sa han.
Men det er jo over tolv år til, sa ho.
Ja, nettopp. Det er med andre ord like rundt hjørnet.
Ingenting å gjera.

Den vesle angsten gledde seg veldig mykje til han vart stor.

Mauren fekk ein ide då han såg elefanten trampa i bakken.

 

Det viste seg at det venlege var ein eksplosjon,
ein eksplosjon som starta for mange tusen år sidan,
og som enno ikkje var over.

Vegen skjøna til slutt at der han byrja, var eigentleg der han slutta,
og der han slutta, var eigentleg der han byrja.
Det han hadde trudd i byrjinga,
var eigentleg riv ruskande ko-ko.

Ypparleg, eg tar det, sa jungelen.
Ei leilegheit eller heile høgblokka, spurde bustadmeklaren.
Heile høgblokka sjølvsagt, sa jungelen.
Når kan eg flytta inn?