Og fjellet og treet og

 

Astrofysikkseminaret hadde akkurat starta
då bamsemumsen fall på hovudet ned i den svarte skåla.

 

Så du seier du går rundt med alle desse grufulle våpna i lomma
for å halda borte alt som trugar menneskeverdet? sa ho.

 

Det omfattande arbeidet i samband med førebuingane til det å gløyma alt vart svært minnerikt.

 

Draumen tenkte at han skulle ta seg ein pitte liten dupp før han gjekk på jobb.
Han hadde som vanleg ei lang natt og mykje arbeid framføre seg.
Han slo på vekkjarklokka, kasta seg ned på sofaen og poff: Han sovna.
Det same hende diverre med batteria i vekkjarklokka: Poff.

 

Fyrst tenkte forfattaren at det var fint om alle ville lesa bøkene hans.
Og slik vart det. Det vart i tillegg eit himla styr, noko han ikkje hadde rekna med.
På grunn av alt dette styret tenkte forfattaren at det hadde vore fint om ingen ville lesa bøkene hans.

 

Han hogg varsamt eit tynt lag av steinen,
og det var akkurat slik han trudde det var.
Under det laget var det ein annan stein.

 

Ingen skjøna kven som hadde invitert grisen til julemiddagen.

 

Treet kom til å forvilla seg inn i skogen.
Det visste ikkje heilt korleis det skulle koma seg ut derifrå.
Det var ein fortvilande situasjon.

 

Mørkret kom med mange konstruktive og opplysande tankar i samtalane med lyset.
Lyset kunne ikkje anna enn å nikka seg einig i alt mørkret sa.