Som

På same viset som verkeleg tenking finn stad når hovudet ditt er tomt,
er landskapet inni deg større enn landskapet rundt deg.


På same viset som vinden kjem mot deg, rører ved deg og forlèt deg,
kjem du mot vinden, rører ved han og forlèt han.


På same viset som verkeleg meining berre kan visa seg når all meining er borte,
er lyset som går gjennom flugevengen, fluga si reise.


På same viset som det å eiga er ein illusjon,
gøymer verkeleg rikdom seg i augneblinken.


På same viset som utvitydig venleik oppstår ut frå ingenting,
kviskrar stråa til vinden og vinden til stråa.


På same viset som båten du reiser med, er bygd av det uoppnåelege,
kjenner havet til reisa di lenge før du har tenkt deg ut på reise.