Ein stein og ingenting

 

Blåmeisen flaug rett gjennom handa hennar.
Han var lei av alle desse omvegane,
så han endra litt på dei fysiske lovene,
slik at kvardagen vart litt enklare.


Det trea ikkje ville fortelja.

Akkurat då elefanten lukka augo,
greip matematikken sjansen og smatt av rommet.


Guden sleit litt med konsentrasjonen
like før han starta prosjektet sitt.


Akkurat då han vakna, drøymde han at han vakna.


Det viste seg at det venlege var ein eksplosjon.
Ein eksplosjon som starta for mange tusen år sidan,
og som enno ikkje var over.


Populariteten til angsten hadde minska kraftig den siste tida.
Nesten ingen var interessert i å ha noko med han å gjera lenger.
Det var ei vanskeleg og deprimerande tid for han.
Han kjende korleis fortvilinga vaks i han.


Røynda titta varsamt rundt hushjørnet.
Det var urovekkjande, det ho såg.
Ho visste ikkje om det var trygt å visa seg.