Andre andre andre andre øvingar


Gå til eit tre i ein skog.
Stå framføre treet.
Tenk at korkje du eller treet er,
men at alt som er,
er det som hender i rommet mellom deg og treet.

 

Førestill deg det umogelege og by det opp til dans.

 

Opn opp hendene dine.
Hald dei fram med handflatene vende opp,
slik at tida kan visa seg i dei.

 

La ein pitte liten stein
forsvinna mellom tommelen og peikefingeren din
slik at takksemd kan visa seg.

 

Gå til eit bratt fjell.
Gni panna di mot fjellet
medan du kviskrar noko på eit språk du ikkje kan.



Finn fram det du kan gi
den dagen du har ingenting.


Hald hendene mot einannan slik at dei lagar eit holrom.
Opna dei varsamt slik at holrommet kan koma ut.



Stikk handa di ned i ei elv.
Hald handa i elva.
Kjenn korleis straumen i elva tar tak i handa di.
No er handa i straumen i elva.
No er straumen i elva i handa di.
No er elva handa. No er handa elva.