KURT JOHANNESSEN
Installasjon Video Performance
Stenersen, 22.05.–09.09.2007


Kurt Johannessen (f. 1960) har i over 20 år arbeida med kunstnariske uttrykksformer som i særleg grad er knyta til den internasjonale avantgardekunsten frå 1960-talet: Installasjon, performance, video og kunstnarbøker (artist’s books). Bergen Kunstmuseum gir no den første omfattande presentasjonen av hans kunstnarskap. Utstillinga omfattar hovudsakleg nye installasjonar og videoverk, samt ei doku-mentasjonsavdeling som viser Johannessen sine tidligare arbeid, dokumentert gjennom bilete, tekst og video. Kurt Johannessen er utdanna ved Slade School of Fine Art, London, Listaháskóli Islands, Reykjavik og Vestlandets Kunstakademi, Bergen. Han debuterte på haustutstillinga i 1984 og har sidan den gong produsert over 150 ulike performancar med om lag 400 visningar i inn- og utland. I dag vert Kurt Johannessen rekna som ein av Noregs viktigaste samtidskunstnarar og er ein av dei ytterst få norske kunstnarane som har arbeida konse-kvent med performance gjennom eit heilt kunstnarskap.

I heile Johannessens produksjon, frå 1980- talet og fram til i dag kan ein sjå kontinuitet og samanheng, både innhaldsmessig og formalt. Med poetiske og enkle verke-middel nærmar Kurt Johannessen seg spørsmål som på same tid er overveldande og menneskeleg nærverande. Hans undrande tilnærming formidlar ei suggestiv kraft som er tilstade i alt han gjer og lagar. Han forenklar og ber oss om å sjå verda med nye auge. I arbeida sine tek han opp basale fenomen som pust, tru og eksistensielle erfaringar av ”alt og ingenting”. Forholdet til naturen er det elementet som mest openbart knyt Johannessen til den norske og nordiske kunstneriske tradisjonen. I sin per-formancekunst utvidar han feltet for natur-erfaringar, som heile tida har stått sentralt i norsk kunst, men då først og fremst i bilettradisjonen.

Våren 2006 kom Johannessen i kontakt med Lene Sælen ved Universitetet i Bergen. Ho hadde skrive ein tekst om karbon og trippel-alfa prosessen. Kunstnaren Kurt Johannessen har lenge vore interessert i forsking omkring karbon. Interessa starta allereie i 2001, under eit arbeidsopphald i Bristol. Karbon er det grunnstoffet som dannar grunnlaget for alt liv slik vi kjenner det. I si forsking er Lene Sælen oppteken av korleis karbon vert til og kor det kjem frå. Det viser seg å vere ein svært finstemt prosess. Trilogi (2007) består av tre haugar med brente pinnar som er plasserte på kvar sin sokkel. Frå dei tre haugane kjem det ulike lydar. I tillegg til Sælens vitskaplege bidrag om karbon, høyrer vi barnelatter frå barn i Nyhavn barnehage og fuglesong frå Great Rift Valley, Uganda. Dagane like etter utstillingsopninga vil kunstnaren halde fleire performancar i dette rommet, der han ved hjelp av eit brennande stearinlys skal brenne små pinnar utan svovel, som han vil plassere utover platforma i rommet. Performancane vil bli filma og vist på skjerm etterkvart, her i sal 1.

Vidare, inn i det vesle rommet til høgre, ser vi ein videoinstallasjon med tittelen Fyrste minne (2007), der ei rekkje personar er filma under vatn. Dei ser alle inn i kameraet. Så lenge som råd prøver dei å halde seg roleg i denne posisjonen. Personanes prekære tilstand idet dei må halde pusten og lukke auga, kan peike mot drukning og mogeleg død. Men vatnet kan også gi assosiasjonar til livets byrjing og den motsette enden av livsløpet.

I verket Eg (2007) høyrer vi froskelydar frå eit lite hol, plassert langt nede på veggen. Kunstnarens interesse for froskar kjem også fram i den siste boka hans Eg er ein frosk (2007). Andre dyr som kunstnaren er oppteken av, er til dømes elefantar og sommarfuglar, jf. boka Og (2001) som inneheld sommarfugl- og elefanttekstar sett saman med spørsmål og situasjonar som har med menneske å gjere. I Johannessens tilnærming til naturen er forholdet til og samhandling med dyr eit vesentleg aspekt.

I verket Everything (2007) vert endeløysa framstilt på enklaste vis i ein speglkorridor som inn i det ubestemte forsvinningspunkt gjengjev betraktarens spegelbilde og det beslekta elliptiske utsagn: Everything is the same, it just looks different. Everything is different, it just looks the same.

Installasjonen Andre minne (2007) består av eit av dei mest unnselege materialane som kan tenkast -- materialet i brukte støvsugarposar. Strødd utover ei kvit flate fremstår denne materia både som uønska avfall og som noko sjeldant og verdifullt, som eit slags månestøv. Dette materiale er i sin tur brukt til å danne ein evigvarande, elliptisk sirkel som ikkje har nokon byrjing eller slutt. Dei gåtefulle orda påkallar noko overveldande: Gud sin konstruksjon av det undermedvitne møter det undermedvitne sin konstruksjon av Gud. Teksten er henta frå Johannessens bok Møte (2001).

Også på dei kvite borda rundt omkring i rommet har kunstnaren plassert støv henta frå ein støvsugarpose. Av støvet oppstår det små miniatyrverder, vakre og poetiske, men også noko frastøtande på ei og same tid.

Den store videoinstallasjonen Andre samtale (2006) er ein serie med religiøse personar i bønn. Alle personane er filma med varmesøkjande kamera. Hendingane er filma i det rommet som er naturleg for aktiviteten. Personane er ein kristen, ein muslim, ein buddhist, ein hindu og ein indianar. I videoinstallasjonen vert tre projeksjonar nytta. Filmane vert viste samstundes, slik at dei ulike bønne-situasjonene møtest. I opptaket kjem dei bedande til syne utan sine jordiske omgjevnader eller religiøse staffasje, og framstår som fantomaktig, nærast åndelege, hellige vesen.

Vidare, i rommet under mezzaninen, heng to kvite portrett av ein vietnamesisk munk og ei katolsk nonne. Begge portretta er trykte i lakk. Ved fyrste augnekast verkar dei kvite overflatene tomme. Når lyset fell mot bileta, ser ein derimot ansikta tydeleg, nærast som holografi. Dei portretterte er to av personane frå videoen Andre samtale. Den same, særeigne teknikken finn vi i Johannessens bok Shine (2006), ei samling med 14 portrett.

I dei to avdelingane oppe på mezzaninen vert Kurt Johannessens kunstnarskap frå 1985 fram til 2006 presentert. Presenta-sjonen inneheld tekst, fotografier og video-klipp.

I løpet av utstillingas to første veker vil kunstnaren ha ei rekkje performancar i Stenersen (i sal 1) og i Tårnsalen i Lysverket. Til utstillinga vert det gitt ut ei ny og omfattande bok om kunstnaren. Utstillinga vil også bli vist i Kunstnernes Hus i Oslo. For meir informasjon om kunstnaren, sjå Kurt Johannessen si nettside: www.zeth.no
Datoar for performancane:

Dag 1, fredag 25. mai kl. 11.00–17.00 i Stenersen.
Dag 2, lørdag 26. mai kl. 11.00–17.00 i Stenersen.
Dag 3, søndag 27. mai kl. 11.00–17.00 i Stenersen.
Fyrste møte, lørdag 2. juni kl. 13.00 i Stenersen.
Nobe og Nobe 2, søndag 3. juni kl. 12.00 og 15.00 i Lysverket.

Bergen Kunstmuseum mai 2007.