SØVN
Galleri Otto Plonk, Bergen 1997.
Galleri Lista Fyr 1997.
RAM Galleri, Oslo 1998.

Materiell: Ballar, teknisk utstyr.

14 ballar ligg utover eit golv. Ballane er laserte med kvitmåling. Frå kvar ball kjem det ein svak lyd av tung pust. Alle lydane er baserte på lydopptak frå 14 sovande born.

1-2000 SIRKLAR
Galleri s.e, Bergen 1999.
Tromsø Kunstforening 2000.
Galleri Giga, Stord 2001.
Galleri Finse 2002.
Stenersenmuseet, Oslo 2002.
Festivalutstilling, Vossajazz 2003.
Bomuldsfabriken Kunsthall, Arendal 2003.

Materiell: Blyantteikningar på papir.

Eit teikneprosjekt som starta 27. januar 1999, og som vart avslutta 2000 dagar seinare. Fyrste dagen vart det teikna ein sirkel på eit ark. Neste dag: to sirklar som delvis overlappar kvarandre. Tredje dagen: tre sirklar. Slik heldt prosjektet fram i 2000 dagar.

ALL
Naturhistorisk Museum, Bergen 2000.
Rogaland Kunstsenter, Stavanger 2000.
Tromsø Kunstforening 2001.

Materiell: Blankpolert messingkule.

Kula står på ein liten sokkel som er plassert på golvet. Kula speglar rommet og dei som ser på. Arbeidet vart laga samstundes som boka All kom ut. Boka er på 116 svarte sider, der det er ein tekst på ei av sidene. Desse to arbeida har sterke referansar til kvarandre.

Teksten frå boka All:
Like etter “the Big Bang” kom Planck-tida. Smellet var for om lag 15.000.000.000 år sidan, og Planck-tida var det fyrste 0,000000000000000000000000000000000000
0000001 sekundet etter smellet. Heile universet fanst då innanfor eit område som hadde ein diameter på mindre enn 0,1 mm. Alt var der. På same vis som frøet har “tanken” i seg om korleis det skal verte til ein blom, kan ein seie at ideen om oss alle og alt som har vore, er og kjem til å verte, var der, innanfor det vesle volumet. Ein liten del av denne massen skulle ende opp som deg og meg 15.000.000.000 år seinare. Visste denne massen det? Visste han om deg og meg? Visste han at eg skulle skrive dette? Visste han at du skulle lese det no?


KULE OG KULE
Bergens Kunstforening 2000–2001.
Stenersenmuseet, Oslo 2002–2003.
Bomuldsfabriken Kunsthall, Arendal 2003–2004.

Materiell: Gipskule, motor og anna teknisk utstyr, pleksiglassylinder, treplate med tekst.

Ei kvit kule i gips ligg på ei plate som er sett inn i ein sylinderforma “sokkel” av pleksiglas. I den nedre delen av “sokkelen”, den som ber kula, er glaset farga. I den øvre delen, den som hegnar om kula, er glaset transparent. Inne i sylinderen er det ein motor som er styrt av eit tidsur. Motoren dreier kula sakte rundt sin egen akse. Det er uråd å sjå at ho rører seg. Tidsuret er justert via satellitt for å ha absolutt korrekt tid. Motoren går på straum, men har aggregat i tilfelle straumbrot. Sylinderen er plassert på ei sirkulær plate med teksten Kule og Kule. Denne kula dreier rundt sin eigen akse ein gong per siderisk år. Eit siderisk år er den tida det tar jorda å gå rundt sola ein runde (365,2564 dagar). Kula vart plassert her 26. november 2000 kl. 18.00, og skal stå her i eitt siderisk år.

PROJEKSJONAR
Invitational, Spike Island, Bristol 2001.
Stenersenmuseet, Oslo 2002.
Galleri s.e., Bergen 2002.

Materiell: Lysbilde av stjerner, lysbildeprojektorar, vaier, runde glasplater, sand, DVD, valmuefrø, sommarfuglvenger, lyden av eit barn som søv, lyden av sakte hjarteslag.

Sju projeksjonar av stjerner projiserte ned på ulike materialar og mot ulike lydar.

PROJEKSJON nr. 1
Lysbilde av stjerna Delta i Orion projisert på sand som ikkje har sett lys på lang tid. (Sanden er funnen under golvet i galleriet Spike Island, Bristol).
PROJEKSJON nr. 2
Lysbilde av stjerna Rigel projisert på ein film av eit
elefantøyre.
PROJEKSJON nr. 3
Lysbilde av stjerna Melnik 34 projisert på valmuefrø.
PROJEKSJON nr. 4
Lysbilde av stjerna HR4796A projisert på ein sommarfuglveng.
PROJEKSJON nr. 5
Lysbilde av stjerna SN1997cj projisert på 178 millionar år gammal sand funnen under Nordsjøen.
PROJEKSJON nr. 6
Lysbilde av ei blå stjerne i M15 projisert mot lyden av eit barn som søv.
PROJEKSJON nr. 7
Lysbilde av stjerna IRS4 projisert mot lyden av langsame hjarteslag.

IMAGINÆRE ELEFANTAR
Festivalutstilling, Vossajazz 2003.
Charlottenborg Udstillingsbygning, København 2003.
Stenersenmuseet, Oslo 2004.
Sommarutstillinga, Seljord Kunstforening 2004.
Galleri Giga, Stord 2005.

Materiell: blyantteikning på papir.

Ein installasjon med teikningar teikna med lukka auge. Kurt teikna dei medan han tenkte på elefantar. Kvar teikning er montert med to små stiftar øvst på arket, slik at dei heng lett svevande. Over tusen teikningar vart produserte frå 2003 til 2004. På det meste bestod installasjonen av 600 teikningar. Det er laga ei bok som inneheld 24 av teikningane.

ÅPNE AUGE OG LUKKA AUGE
Hordaland Kunstsenter, Bergen 2004.
RBS Gallery, London 2004.
Le Lieu, Centre en Art Actuel, Québec 2005.
Rom for rom, Sørlandets Kunstmuseum, Kristiansand 2006–2007.

Materiell: Raud folie, frost eller stoff, opplesing av tekst frå CD, spesiallaga briller.

Vindauga i rommet er dekte med raud folie. Framfor folien er det frost eller eit kvitt stoff. Dette gjer at lyset i rommet er raudleg. Samstundes er det som finst utanfor rommet, utviska. Publikum kan nytte spesiallaga briller som gjer at rommet vert tåkete og endå raudare. I rommet går ei opplesing i uendeleg sirkel. Opplesinga fortel om to tilstandar: Opne auge, då alt er ubehageleg sterkt lys og nesten alt minne er borte, og lukka auge, då alt er tåkete, raudt og ein har kjensla av å ha sett det tidlegare. Slik går forteljinga inn og ut av desse to tilstandane. Teksten finst også i bokform. Då er han gjentatt meir enn 30 gonger i ei tettskriven bok på 256 sider.

PUST
Beitelen, Dale.

Materiell: Bladgull.

To tekstar er sandblåste og gullbelagde inn i fjellet
Beitelen ved Dale. Den eine teksten er nede ved Dalegarden, og den andre er oppe mot Norafjellet. Tekstane er òg grunnlaget for boka Pust. Kart til tekstane finn ein på www.zeth.no.

PUST 2
49 heimar i Noreg.

Materiell: 14 steinar med gulltekst.

Sju par steinar med pust-tekstane turnerer rundt i private heimar i Noreg i sju år. I kvar heim skal dei vere i eitt år. Steinane er fyrst og fremst for dei som bur der, men det er mogeleg for andre å kome og sjå kunstverket. På www.zeth.no får ein vite kvar steinane til kvar tid er, og korleis ein skal ta kontakt med “eigarane” om ein ynskjer å sjå dei.

TRILOGI
Bergen Kunstmuseum 2007.

Materiell: Tre kvite soklar, brente pinnar, lyd.

Tre haugar med brente pinnar er plasserte på kvar sin sokkel. Frå haugane kjem det ulike lydar. Frå den eine haugen kjem det fuglesong, frå den andre kjem det ei forteljing om karbon sett frå ein vitskapleg synsvinkel, og frå den tredje haugen kjem det barnelatter. Det er produsert ein CD med dei tre ulike lydbilda.

TOLVTE SAMTALE
Vestlandsutstillingen 2003.
New Horizons, Manx Museum, Isle of Man 2005.
New Horizons, Hå Gamle Prestegard 2005.

11 minutt.
Kamera: Jan Inge Skogheim.

Videoen Tolvte samtale tar utgangspunkt i performancen Tolvte samtale som Kurt framførte i Munkebotsdalen i Bergen 29. oktober 2002. I skumringstimen står han midt ute i vatnet. Det regnar. Han står til livet i vatn. Sakte bevegar han hendene over vassflata utan å røre vatnet.

ANNAMME
Galleri Gathe, Bergen 2005.
Kortfilmfestivalen i Grimstad 2006.
Best of Grimstad, Oslo, Bergen, Stavanger 2006.
Skandinavia, Dansk TV kanal 2006.
Minimalen Filmfestival, Trondheim 2007.

I samarbeid med Bjarte Mørner Tveit.
2 minutt.
Kamera: Anne Dorthe Kalve.
Produsent: Bjarte Mørner Tveit, Piraya Film as.

Kurt ligg på rygg. Han opnar munnen, og kort tid etter kjem det ein stråle ovanfrå med noko grått som kan minne om sand. Munnen er open heile tida og blir fort fylt opp. Det gråe renn utover ansiktet og ned mot plata han ligg på. Til slutt stoppar det opp. Kurt ligg urørleg ei lita stund.

ANDRE SAMTALE
Tromsø Kunstforening 2006.
Bergen Kunstmuseum 2007.
Kunstnernes Hus, Oslo 2007.

48 minutt.
Kamera: Anne Dorthe Kalve.
Produsent: Bjarte Mørner Tveit, Piraya Film as.

Ein serie med fem til sju personar i bønn. Alle personane er filma med varmesøkjande kamera. Hendingane er filma i det rommet som er naturleg for denne aktiviteten. Personane er ein kristen, ein muslim, ein buddhist, ein hindu og ein indianar. I videoinstallasjonen vert tre-fire projeksjonar nytta. Ulike delar av filmane vert viste samstundes, slik at dei ulike samtalane møtest.

FYRSTE MINNE
Bergen Kunstmuseum 2007.
Kunstnernes Hus, Oslo 2007.

26 minutt.
Kamera: Anne Dorthe Kalve.
Produsent: Bjarte Mørner Tveit, Piraya Film as.

Ei rekkje personar er portretterte under vatn. Dei ser alle inn i kameraet. Så lenge som råd prøver dei å halde seg rolege i denne posisjonen. Mellom kvart portrett er det ein liten svart sekvens før eit nytt portrett vert presentert.

LYS
I samarbeid med Bjarte Mørner Tveit.
56 minutt.
Kamera: Anne Dorthe Kalve
Produsent: Bjarte Mørner Tveit, Piraya Film as.

Kurt står inne i ein skog i skumringstimen. Ut av munnen hans kjem det eit ovalt, lysande objekt. I byrjinga er dagslyset så godt at lyset frå munnen er svakt. Etter kvart vert det mørkare i skogen, og lyset frå munnen verkar sterkare. Til slutt er det så mørkt i skogen at lyset frå munnen dominerer.