Ha ein liten samtale om viktige ting
med eit eple like før du et det.
Tenk pitte litt på om det er mykje finare å bu
på ein planet saman med elefantar
enn på ein planet utan elefantar.
Kyss eit ekorn.
Undersøk om matvanane dine endrar seg i tida etter.
Konstruer det umogelege.
Ta den tida du treng.
Finn ein stein og hald han i handa di.
Etterpå, kjenn etter om identiteten din har endra seg.
Ta med deg ein rund stein til eit fjell.
Hald steinen inntil fjellet,
slik at steinen kan helsa på fjellet og fjellet kan helsa på steinen.
Neste gong ei fluge set seg på deg,
prøv å forvandla deg til jordbærsyltetøy.
Rekn deg fram til den dagen trea
har dei nye planane klare.
Skriv ei forteljing om det ubeskriveleg vakre.
Hald den eine handa di i elvevatn i nokre minutt.
Hugs at du er det elva fortel deg.