Ein stein og det omkring

 

Den dagen han slutta å søkja sanninga.

Eg søkjer sjølvsagt ikkje meining.
Meining er veldig forstyrrande i all søken, sa han.

Ein dag forsvann magien.
Han gav rett og slett opp.
Han hadde prøvd og prøvd,
men responsen var så dårleg at han ikkje såg nokon vits i å fortsetja.
Han var på vippen til å forsvinna inn i alkoholisme,
men klarte i siste liten å ta seg saman.
Han skjøna at han måtte bort og det fort.
Nokon meinte dei hadde sett han gå inn på eit tog med to store koffertar,
men dei fleste merka ikkje at han var borte.

Det uendelege vart med tida dritlei heile greia.

Han visste ikkje heilt om han skulle la seg forsvinna i den rørsla han var i,
eller om han skulle la den rørsla han var i, forsvinna i han.

Steinen nekta å forklåra seg frå fyrste stund.

Mange meinte det uhandgripelege hadde endra seg dei siste åra,
og dei likte det lite.
Ingenting med det uhandgripelege er slik det ein gong var.
Me skjønar ikkje lenger noko av det uhandgripelege,
på same viset som me ikkje skjøna noko av det uhandgripelege tidlegare.
Det er uuthaldeleg, sa dei.

Fakta meg her og fakta meg der,
sa poesien og hissa seg opp.

Det han i lang tid trudde var hans,
var noko som høyrde til vinden.
Då han skjøna det, kunne han ta det til seg på eit vis
han ikkje kunne medan han trudde det var hans.

Dette veit me jo allereie, sa alle bjørketrea
då teorien om det venlege sin evolusjon vart lagd fram.