|
|
Opplag: 194
Storleik: 16x16, 6 sider
Pris: 400kr
Dette arbeidet – med denne teksten, originalteikning og ein vag kopi av teikninga – kan kjøpast under føresetnad av at originalteikninga blir eten med ein gong handelen er utført, eller etter avtale. På denne måten kan den kunstinteresserte ta til seg kunst utan å fylle opp veggar i heimen. Den kunstinteresserte blir eitt med kunstverket gjennom den vesle handlinga det er å ete kunstverket. Kunstverket lever vidare i den kunstinteresserte. Kunstverket lever vidare i dialog med den kunstinteresserte. Kunstobjektet er borte. Kunsten lever vidare. Dialogen med kunsten er. Oppgåva til kunsten er. Kunsten er. Dette kunstverket er/var éi av dei resterande 55 teikningane som vart produserte i 2012 i samband med prosjektet Ete, og som ikkje vart etne i perioden 2012–2024.
Ete
|
|

|
Opplag: 100
Storleik
Pris: 400kr
Denne porselensfisken vart produsert i samband med utstillinga Stykker for Leire i Kunsthall Grenland (2024). Den har referanse til bøkene Ei øving og Ei anna øving frå 2020. Dei bøkene inneheld òg instruksjonar og materialet ein treng for å utføre øvinga.
Porselensfisk
|
|

|
Edition: 100
Size:
Pris: 400kr
This porcelain fish was produced in conjunction with the exhibition Pieces for Clay at Kunsthall Grenland (2024). It references the books An Exercise and Another Exercise from 2020. The books also contain instructions and the materials needed to perform the exercise.
Porselainfish
|
|

|
Opplag: 12
Storleik:
Pris: 1800kr
Dette pannekakefatet vart produsert i samband med utstillinga Stykker for Leire i Kunsthall Grenland (2024). Performancen Pannekaker og porselenspannekaker vart framførd på opninga av utstillinga. Denne performancen er basert på teksten som er på dette pannekakefatet.
Pannekakefat
|
4. SBK KOSTTILSKOT NR. 4 2005/2013 |

|
Opplag: 50
Storleik:
Pris: 500kr
I samband med boka Fotball med meir (2005) vart det produsert 4 kosttilskot. SBK-kosttilskot nr. 1 er oppeten. Kosttilskota vart og presentert i performanceforedraget Skansemyren Ballklubb 2005-2014, som vart fyrst vist i Bergen Kunstmuseum i 2005. I 2013 vart det produsert 3 multiplar i eit opplag på 50 av kosttilskota nr. 2, 3 og 4. Dette er SBK-kosttilskot nr. 4. Ekstrakt av fotballskoa til Gøran Sørloth frå tida etter 5. juni 1991.
SBK kosttilskot nr. 4
|
3. SBK KOSTTILSKOT NR. 3 2005/2013 |

|
Opplag: 50
Storleik:
Pris: 500kr
I samband med boka Fotball med meir (2005) vart det produsert 4 kosttilskot. SBK-kosttilskot nr. 1 er oppeten. Kosttilskota vart og presentert i performanceforedraget Skansemyren Ballklubb 2005-2014, som vart fyrst vist i Bergen Kunstmuseum i 2005. I 2013 vart det produsert 3 multiplar i eit opplag på 50 av kosttilskota nr. 2, 3 og 4. Dette er SBK-kosttilskot nr. 3. Finklipt konsentrat av Frode Johnsens hår som veks ut frå øvre del av panna og med det ofte er blitt klemt mellom Frode Johnsens panne og ein fotball.
SBK kosttilskot nr. 3
|
2. SBK KOSTTILSKOT NR. 2 2005/2013 |

|
Opplag: 50
Storleik:
Pris: 500kr
I samband med boka Fotball med meir (2005) vart det produsert 4 kosttilskot. SBK-kosttilskot nr. 1 er oppeten. Kosttilskota vart og presentert i performanceforedraget Skansemyren Ballklubb 2005-2014, som vart fyrst vist i Bergen Kunstmuseum i 2005. I 2013 vart det produsert 3 multiplar i eit opplag på 50 av kosttilskota nr. 2, 3 og 4. Dette er SBK-kosttilskot nr. 2. Tørka gras frå grasplenen i Furulien 32, barndomsheimen til Roald «Kniksen» Jensen.
SBK kosttilskot nr. 2
|
|

|
Opplag: 460
Storleik:
Pris: 300kr
460 drops som vart vaga i samband med prosjektet Kviskring i Bergen Kunsthall i 1998. Alle som deltok på prosjektet fekk dette dropset i denne boksen med denne teksten, som ein liten takk for deltakinga. Alle som deltok på Kviskring, skulle ligga på rygg og kviskre opp i store papirtrakter. Dei skulle kviskre om noko som var viktig for dei. Nokre av dei som fekk multipelen åt dropset med ein gong. Nokre få multiplar er framleis tilgjengeleg. Nokre av multiplane er produsert med engelsk tekst. Nokre av multiplane har engelsk tekst.
Drops/Candy
|
|