|

|
Tid:5 minutt
Kamera: Torstein Grude
Produsent: Bjarte Mørner Tveit, Piraya Film as.
Bilder
|
15. VI ER FROSKAR I SAMARBEID MED JØRGEN
KNUDSEN CD 2009 |

|
Tid: 20 minutt
Pris: 150 kr
Cd
med froskelydane frå installasjonen ”Vi er froskar”
som vart vist på Kunstnernes Hus, oktober-desember 2007. I tillegg
er det eit par spor som ikkje var i installasjonen, blant anna eit opptak
av Kurt og Jørgen som froskar. Alle opptaka er teke av Jørgen
Knudsen. opptaka er frå Malaysia, Thailand, Japan, Noreg og Cuba.
Redigert av Kurt Johannessen og Jørgen Knudsen.
Sjå óg:
Eg er ein frosk (bok)
Er eg ein frosk? (bok)
Er eg ein frosk? (performance)
|
|

|
Tid: 34 minutt
Pris: 200 kr
Lydane
frå installasjonen ”Trilogi” som er presentert i utstillinga
i Bergen Kunstmuseum i 2007. Barnelatter frå Nyhavn Bergen. Ei vitskapleg
forteljing om Karbon av Lene Sælen. Denne forteljinga blir kviskra
av Lene Sælen. Ein engelsk kviskreutgåve av teksten blir og
presentert. Og tilslutt fuglesong frå Uganda, eit opptak av Jørgen
Knudsen. Alt materialet er presentert skriftleg i ein vedlagt 32 siders
hefte.
Sjå òg:
Trilogi (innstallasjon)
|
|

|
I samarbeid
med Bjarte Mørner Tveit
Tid: 56 minutt
Kamera: Anne Dorthe Kalve
Produsent: Bjarte Mørner Tveit, Piraya Film as
Kunstnernes Hus, Oslo 2007
Kurt
står inne i ein skog i skumringstimen. Ut av munnen hans kjem det
eit ovalt, lysande objekt. I byrjinga er dagslyset så godt at lyset
frå munnen er svakt. Etter kvart vert det mørkare i skogen,
og lyset frå munnen verkar sterkare. Til slutt er det så mørkt
i skogen at lyset frå munnen dominerer.
|
12. FYRSTE MINNE DVD 2007 |

|
Tid: 26 minutt
Kamera: Anne Dorthe Kalve.
Produsent: Bjarte Mørner Tveit, Piraya Film as.
Tromsø Kunstforening 2006
Bergen Kunstmuseum 2007
Kunstnernes Hus, Oslo 2007
Kabuso, Øystese 2008
Galleri Giga 2008
Filosofifestivalen i Kragerø 2008
Ei
rekkje personar er portretterte under vatn. Dei ser alle inn i kameraet.
Så lenge som råd prøver dei å halde seg rolege
i denne posisjonen. Mellom kvart portrett er det ein liten svart sekvens
før eit nytt portrett vert presentert.
|
11. PERFORMANCE 1998 – 2005 DVD 2007 |

|
Tid: 68 minutt
Pris: 200/400 kr
Kamera: Arne O. Staurseth,Kjartan Murel,
Kurt Johannessen, Æsa Thorsteinsdóttir, Neal Osborne, Stein
R. Høines, Wanja Nolte, Sandra Johnston, Jan Hinrichs.
Produsent: Kurt Johannessen
Dokumentasjon
av 12 performancearbeid frå perioden 1998 – 2005. Desse performancene
blir vist: Kviskring(1998), Stille(1998), Det å teikne ein usynleg
sirkel med hovudet like over ein isbre (1998), Det å teikne ein
usynleg sirkel med hovudet i ein skog om natta (1999), Det å teikne
ein usynleg sirkel med hovudet like over ein ørken (1999), Kule
(2000), Projeksjon (2001), Sjuande satale (2001), Trettande ferd (2003),
Fjortande samtale (2004), Åttande tale (2005), Blu 8 (2005).
|
10. EVERYTHING AND NOTHING DVD 2007 |

|
Tid: Uendeleg
loop
Pris: 200/400 kr
Teknisk assistent: Tom Christer Lilletvedt
Produsent: Kurt Johannessen
To
ord skifter om å vise seg, Everything og Nothing, i ein uendeleg
loop. |
9. ANDRE SAMTALE DVD 2006 |

|
Tid: 48 minutt
Kamera: Anne Dorthe Kalve
Produsent: Bjarte Mørner Tveit, Piraya Film as
Tromsø Kunstforening 2006
Bergen Kunstmuseum 2007
Kunstnernes Hus, Oslo 2007
Ein
serie med fem til sju personar i bønn. Alle personane er filma
med varmesøkjande kamera. Hendingane er filma i det rommet som
er naturleg for denne aktiviteten. Personane er ein kristen, ein muslim,
ein buddhist, ein hindu og ein indianar. I videoinstallasjonen vert tre-fire
projeksjonar nytta. Ulike delar av filmane vert viste samstundes, slik
at dei ulike samtalane møtest.
|
8. SKANSEMYREN BALLKLUBB 1992 – 2014 DVD
2005 |

|
Tid: 70 minutter
Pris: 200/400 kr
Kamera: Are Houffen
Produsent: Kurt Johannessen
Akershus Kunstnersenter 2006
Bergen Kunstmuseum 2007
Dokumentasjon
av foredraget i Bergen Kunstmuseum 29. oktober 2005. Med fotballspelarane
Kurt Johannessen, Espen Storstrand og legen/eks-fotballspelaren Arne Instebø.
Dei presenterer hendingar på og utanfor fotballbana som har hatt
stor betydning for den bergenske fotballklubben Skansemyren Ballklubb
i perioden 1992–2014. Med utganspunkt i kaosteorien viser trioen
her at det ofte er dei små detaljane, som ved fyrste augekast ikkje
har noko med fotball å gjere, som har mest å seie for utviklinga
til SBK. Saker som vert presenterte, er til dømes: Kniksen-graset,
Glimtoperasjonen, Den mentale katteteorien, Sprettert-teorien, Forskingsavdelinga
i SBK, Kosttilskot og fotballskoa til Gøran Sørloth, Nashorngråe
fotballspelarnasar, Grustrening nivå 0–6, Grustrening nivå
1–5, Grasøyreklokker, Grasklipping, SBK-fallet og kontinentaldrifta
mellom Afrika og Sør-Amerika, Synkronsymjingsdagen og ymse sjokoladeprodukt,
nasen til Espen Storstrand, Oppdaginga av Neptun, Hardy-Weinberg-lova,
Synkronskissene, Satskonsentrat-punktet.
Foto
Sjå óg:
"Fotball med meir" (bok)
"Fotball med meir" (utstilling)
|
|

|
Tid: 2 minutt
I samarbeid med Bjarte Mørner Tveit
Kamera: Anne Dorthe Kalve
Produsent: Bjarte Mørner Tveit, Piraya Film as
Galleri Gathe 2005
Kortfilmfestivalen i Grimstad 2006
Best of Grimstad, Oslo, Bergen, Stavanger 2006
Skandinavia, Dansk TV kanal 2006
Minimalen Filmfestival Trondheim 2007
Kurt ligg på rygg. Han opnar munnen,
og kort tid etter kjem det ein stråle ovanfrå med noko grått
som kan minne om sand. Munnen er open heile tida og blir fort fylt opp.
Det gråe renn utover ansiktet og ned mot plata han ligg på.
Til slutt stoppar det opp. Kurt ligg urørleg ei lita stund.
|
|

|
Tid: 2 minutt
I samarbeid med Bjarte Mørner Tveit
Kamera: Anne Dorthe Kalve
Produsent: Bjarte Mørner Tveit, Piraya Film as
Galleri Gathe 2005
Kortfilmfestivalen i Grimstad 2006
Best of Grimstad, Oslo, Bergen, Stavanger 2006
Skandinavia, Dansk TV kanal 2006
Minimalen Filmfestival Trondheim 2007
Videoarbeid som er basert på performance
med fisk frå 1998. Kurt ligg på ryggen med ein pæreforma
glaskolbe i munnen. Glaskolben er fylt med vatn, og i vatnet sym det
fiskar. Glaskolben har opning inn mot munnen hans. Kurt ligg nesten
urørleg i denne stillinga. Berre små rørsler går
gjennom kroppen hans når han prøver å svelgje, noko
som ikkje er mogeleg. Fiskane sym av og til inn i munnen mot tunga hans
slik at dei vert borte nokre sekund.
Sjå óg:
Performance med fisk (performance)
|
5. ÅPNE AUGE OG LUKKA AUGE CD (2004) |

|
Pris: 150 kr
Opplesing av teksten frå boka "Åpne
auge og lukka auge". Norsk, engelsk og fransk versjon.Opplesinga
vart brukt i instalasjonen "Åpne auge og lukka auge".
Sjå óg:
Åpne og lukka auge (utstilling)
Åpne og lukka auge (bok)
|
|

|
Pris: 200/400 kr
Kamera: Systemtekknikk
Produsent: Kurt Johannessen
Dobbel
DVD.
Dokumentasjon av debatten "Er" som fann stad i Bergen Kunstmuseum
i 2003. En diskusjon omkring mennesket sitt ståsted, energi, evner og
mulig utvikling i henhold til
evolusjonsteorien, artsfrender og den astrofysiske situasjonen.
Debattleder - Steinar Birkeland
Biolog - Per Jakobsen
Idéhistoriker - Trond Berg Eriksen
Filosof - Lars Fr. H Svendsen
Religionshistoriker - Jens Braarvig
Astrofysiker - Knut Jørgen Røed Ødegård
Hjerneforsker - Håkan Sundberg
Vitenskapsteoretiker - Roger Strand
Barneskoleelev - Sofie Johannessen
Barneskoleelev- Iselin Uldal
Ungdomskoleelev - Lilli Mikki Barthel
Datakoordinering - Yngve Johannessen
Kokk - Terje Ness
Sjå óg
"Er" (utstillingar mm)
|
|

|
Tid: 6 min
Pris: 200/400 kr
Kamera: Kurt Johannessen
Produsent: Kurt Johannessen
Galleri Giga 2008
Videoarbeid inspirert av omslaget på
boka "Tida før inkje". Eit egg ligg i ei hand. Sakte
lettar egget, svevar ei lita stund over handa, før det legg seg
ned i handa igjen.
Sjå óg
"Tida
før inkje" (bok)
|
2. TOLVTE SAMTALE DVD 2002 |

|
Tid:
11 min.
Pris:200/400 kr
Kamera: Jan Inge Skogheim
Produsent: Kurt Johannessen
Vestlandsutstillingen 2003
"New Horizons", Manx Museum, Isle of Man 2005
"New Horizons", Hå Gamle Prestegard 2005
Videoen
Tolvte samtale tar utgangspunkt i performancen Tolvte samtale som Kurt
framførte i Munkebotsdalen i Bergen 29. oktober 2002. I skumringstimen
står han midt ute i vatnet. Det regnar. Han står til livet
i vatn. Sakte bevegar han hendene over vassflata utan å røre
vatnet.
Sjå óg:
"Tolvte Samtale" (performance)
|
|

|
Tid:
66 minutt
Pris: 150kr
Den
tjuande mars 2000 møttest forteljingar om månen under kvelvingen
på Bergen Kunstmuseum i Noreg. På berre litt meir enn ein
time ringte 24 personar frå heile verda inn historier og personlege
opplevingar knytte til månen. Hendinga varte litt i ein god time.
Kvar innringjar snakka på morsmålet sitt, så publikum
forstod berre ein liten bit av det som vart fortalt. Denne boka dokumenterer
alt som vart sagt den natta, på originalspråka, og dette er
omsett til engelsk. Det er òg laga ein CD med lydopptaket av sjølve
hendinga i Bergen Kunstmuseum.
On the 20th of March 2000
a collection of stories about the moon grew in the rotunda of the Bergen
Art Museum in Norway. Over the course of a little more than an hour, twenty
four people from around the world phoned in stories and personal experiences
relating to the moon, Each caller spoke in his or her native language
so the assembled audience could understand only a faction of what was
being recounted. This book documents everything that was said that night
in the original languages and translates them all into English.
Lydopptaket frå "Moon"
prosjektet i Bergen
Kunstmuseum 2000.
Sjå óg:
"Moon" (bok)
|
|